Sunnfjord Museum Sunnfjord Museum
Manipulert bilete frå friluftsmuseet. Spøkelser, flaggermus, hekser og hender som strekker seg opp av vatnet.

Folketru, tussar og troll

Tidspunkt -
Stad Sunnfjord Museum

"Folketru, tussar og troll" er eit av dei årlege arrangementa på museet, der vi set fokus på eventyr og segner om underjordiske og vesen som troll, huldrefolk, nøkken og andre skrømt. Nokre av dei har du kanskje høyrt om i eventyr?
Mørke haust- og vinternetter, og mindre kontroll på både livet og naturen, var bakgrunnen for den rike førestillingsverda i norsk folketru. Desse skikkelsane levde parallelt med menneska, og kunne vere vesen ein både skulle passe seg for, men også "spele på lag med".

Søndag 29. oktober inviterer vi til ny dag med tema "Folketru, tussar og troll", og det litt skumle og uforklarlege.

Program for dagen
11.00-15.00: Lykteverkstad/teikning i Halbrendhuset. Dekorer di eiga lykt av syltetøyglas.
12.00: Tur og forteljingar om underjordiske og huldrefolk på stølen
13.30: Forteljing om to små troll, i Østenstadstova.

NB! Kle deg etter vêret og ta med eigne syltetøyglas til verkstaden.

Planlegg besøket ditt

Opningstider

21. desember 2024 — 31. januar 2025
Vi held stengt. Ta kontakt for meir informasjon.

Prisar

  • Vaksne: 120 kr
  • Honnør/Student: 90 kr
  • Born 0-17 år: Gratis
  • Gruppe (min. 15 pers)*: Ta kontakt for pris

Her er vi

Sunnfjord Museum
Jølstravegen 107
6819 Førde