Sunnfjord Museum Sunnfjord Museum
sunnfjord-museum/sum.10330.jpg.

Forteljarkveld om utvandring til Amerika

Tidspunkt -
Stad Sunnfjord museum

Har du ei spanande historie om familien din eller bygdefolk som utvandra til USA på 1800-1900-talet?

Onsdag 10. april inviterer Sunnfjord museum, Fjellkoret og Memoar. til forteljarkveld utvandringshistorie frå Sunnfjord som tema.

Fjellkoret søker gode, interessante, spanande og kvardagslege historier knytt til utvandringa til USA på 1800-1900-talet. Desse historiane skal Fjellkoret nytta som råstoff for utvikling av tekstar og musikk til storprosjektet Det løfterike landet. Denne kvelden får du høyre om dette prosjektet, men kvelden er i all hovudsak sett av til innspel og historier frå salen og ved kafebordet i Halbrendshuset!

Arrangementet er gratis for alle som har lyst til å ta turen, med eller utan ei eiga forteljing.

FJELLKORET ynskjer i 2025 å bidra og delta i 200-års markeringa av norsk utvandring til USA. Med storprosjektet Det løfterike landet søker vi å sette fokus på utfordringar og moglegheiter i denne samanheng – historisk, i dag og for framtida. Prosjektet rettast mot befolkninga generelt, men med spesielt søkelys på dei unges kompetanse og bevisstgjering rundt folkevandringar og utanforskap.