Kvar sommar har vi tre geiter i tunet, og på sesongopninga 1. juni fekk dei namn. I år vart det namna Glitter, Puffen og Dotten. Tusen takk for alle namneforslaga vi fekk inn!
Årets namn var det Jonas på 7 år som foreslo. Takk!
Glitter er den grå geita (øyremerke 5901). Puffen er den kvite geita med litt brun og grå fargespel (øyremerke 5902) og Dotten er kvit med tydeleg linje på ryggen (øyremerke 5903). Geitene går på beite attmed urtehagen, eller borte ved skulestova i friluftsmuseet. Dei likar å helse på deg, og kjem gjerne bort og snusar på handa di.
Geitene er også veldig glade i bregner og bjørkekvistar.
Ikkje gje dei brød eller anna menneskemat, sidan dei kan bli sjuke av det.
Det er heller ikkje tillate å gå inn til geitene.
