Sunnfjord Museum og Midtre Sunnfjord husflidslag ynskjer hjartleg velkomne til den tradisjonelle handverk-og husflidsmessa vår!
Eit variert utval av utstillarar kjem til Movika med sjølvproduserte varer for sal. Eit godt høve til å starte julegåvehandelen - eller kanskje du treng inspirasjon til eigne prosjekt?
Huslidslaget har kafe i Halbrendshuset der du kan kjøpe kaffi og takkebakst. Det blir også aktiviteter ute og inne for store og små.
Laurdag 7. september:
12:00 -16.00 Messe og kafe med sal av kaffi og takkebakst
12:00 -16.00: Uteleiker og spikking, i tunet. Du kan også bygge din eigen leikebåt.
12:00- 16:00 Teikning, fletting og vevaktivitet i utstillingssalen
12:00 - 15:00 Museumshandverkarane jobbar på Løsetloftet og fortel gjerne om arbeidet.
14:00 -14:30: Østenstadstova er open. Kom inn og høyr meir om stova og kvardagsliv på 1800-talet.
Sundag 8. september
12:00 -16.00 Messe og kafe med sal av kaffi og takkebakst
12:00 -16.00: Uteleiker og spikking, i tunet. Du kan også bygge din eigen leikebåt.
12:00- 16:00 Teikning, fletting og vevaktivitet i utstillingssalen
14:00 -14:30: Østenstadstova er open. Kom inn og høyr meir om stova og kvardagsliv på 1800-talet.
Til årets messe har husflidslaget særskilt invitert Anne Britt Lotsberg og Kari Astrup- Geelmuylen - to tradisjonshandverkarar som driv med handverk få andre gjer. Til Movika tek dei to damene med seg eit utval av arbeidet sitt, og du kan også høyre meir om det. Her kan du lese meir om dei to damen.
Anna Margrethe Seljen: Diverse i lappeteknikk.
Asbjørg Lotsberg: Strikkevarer: Strikk i tveband, skjerf og klutar
Bente Stensaker: Hekla teppe av gammalt sengetøy
Einar Nedrebø: Trearbeid
Gunvor Berge: Redesign, småstrikk
Heidi Aas: Strikk og saum
Hilde Buer: Villsauskinn, strikkegarn, tova ullfellar.
Inger Kirsti Reknes: Saum, saueskinn.
Maren Erland: Vevarbeid
Marit Andersen: Gjenbruk og redesign
Oddlaug M. Fonn: Vevarbeid
Ruth Berit Garfors: Urter, saft og andre matprodukt
Siri Myklebust: Strikka og tova produkt, mm
Tanja Myklebust: Skinn og ullprodukt frå eigne sauer, steinsmykke
Vigdis Marifjæren: Lappeteknik, strikkevarer
Vilde Aarseth og Engel Tansøy: Trearbeid og saum
Anne Grethe Hønsi Opdal: Eige illustrert bok
Marianne Skadal: Betongfigurar
Anne Britt Lotsberg: Vevarbeid
Kari Astrup- Geelmuylen: Trykte bunadsforkle
Med attehald om endringar
Tidspunkt: Laurdag og sundag 12.00 - 16.00
Pris: 90 kroner (vaksne, honnør og student)
Barn og årskort gratis inngang