Kari Astrup- Geelmuylden er kanskje best kjent for å ha tatt opp arbeidet etter oldemor si, Engel Astrup, og driv med tekstiltrykk. I tillegg driv ho med keramikk, steingods og handlaga glas og har eige utsal på Jølster. Ho er nok best kjent for forklea sine, og i dag er det to til tre års ventetid om du vil ha eit. På messa er det dette arbeidet som vil stå i fokus. Kari tek med seg fem ulike forkle for sal, men ogsp trykkplater under arbeid så du kan lære meir om den unike arbeidsprosessen.
Også Anne Britt Lotsberg har eit variert repertoar. På Husflids- og handverksmessa har ho tidlegare hatt med seg strikk og hardangersaum, men det er vevarbeidet som står hjartet nærmast. «Eg er født mellom trøene på ein vevstol. Det er nesten sant.» seier Lotsberg i eit intervju med NRK. Ho er i dag ein av ganske få som driv med den raudlista teknikken smettvev, ein gamal vevteknikk som har lang tradisjon i Fjærland, det Lotsberg er ifrå. I tillegg til å halde liv i den gamle teknikken har ho også heile livet samla oppskrifter, og har i dag ei samling på fleire hundre. På husflidsmessa kan du sjå eit utval av vevarbeida hennar og lurar du på korleis ho får det til, får du heilt sikkert svar av den engasjerte vevaren.
Både Kari Astrup- Geelmuylden og Anne Britt Lotsberg har vore med Handverks og husflidsmessa i mange år. Dei trekk begge fram det sosiale fellesskapet med å møte andre kunsthandverkarar og andre interesserte som eit høgdepunkt. Begge to jobbar mykje aleine i atelia sine og messer som Handverks- og husflidmessa i Movika er viktige møtepunkt. Kari trekk også fram den faglege kvaliteten på messa. Dei mange gongene ho har vore med har vore eit viktig høve til å formidle og syne fram arbeidet sitt.
Dei to engasjerte damene er ikkje dei einaste du møter i Movika denne helga. Rundt 20 utstillarar kjem med eit vidt utval av produkt.
Anna Margrethe Seljen: Diverse i lappeteknikk.
Asbjørg Lotsberg: Strikkevarer: Strikk i tveband, skjerf og klutar
Bente Stensaker: Hekla teppe av gammalt sengetøy
Einar Nedrebø: Trearbeid
Gunvor Berge: Redesign, småstrikk
Heidi Aas: Strikk og saum
Hilde Buer: Villsauskinn, strikkegarn, tova ullfellar.
Inger Kirsti Reknes: Saum, saueskinn.
Maren Erland: Vevarbeid
Marit Andersen: Gjenbruk og redesign
Oddlaug M. Fonn: Vevarbeid
Ruth Berit Garfors: Urter, saft og andre matprodukt
Siri Myklebust: Strikka og tova produkt, mm
Tanja Myklebust: Skinn og ullprodukt frå eigne sauer, steinsmykke
Vigdis Marifjæren: Lappeteknik, strikkevarer
Vilde Aarseth og Engel Tansøy: Trearbeid og saum
Anne Grethe Hønsi Opdal: Eige illustrert bok
Marianne Skadal: Betongfigurar
Anne Britt Lotsberg: Vevarbeid
Kari Astrup- Geeluyden: Trykte bunadsforkle
Med attehald om endringar