Sunnfjord Museum Sunnfjord Museum
Handverksprodukt utstilt på messe.

Handverk- og husflidsmesse 2025

Tidspunkt til
Stad Sunnfjord Museum

Sunnfjord Museum og Midtre Sunnfjord Husflidslag ynskjer hjarteleg velkomne til den tradisjonelle handverk- og husflidsmessa!
Eit godt variert utval av utstillarar kjem til Movika med sjølvproduserte varer for sal. Sjå liste over årets utstillarar lenger nede. Det blir produkt i tre, keramikk, sølv, tekstil, vev og betong - for å nemne noko. Messa er eit godt høve til å starte julegåvehandelen - eller kanskje du treng inspirasjon til eigne prosjekt? Du finn salgsbodene i tre av dei antikvariske bygningane i tunet, Huus-stova, Eldstova og Sersjantløa. Det blir skilta i tunet.

I Halbrendhuset er det kafé med sal av kaffi, natronkaker, sveler og anna bakst.

Midtre Sunnfjord Husflidslag har stand med informasjon om arbeidet sitt. Her får du også kjøpt lodd til årets haustlotteri. 10 kr. pr. lodd, og flotte gevinstar frå årets messe. Trekking blir under årets husflidveke 27. - 31. oktober.

Program for dagane*:

  • Rebus-løype i tunet: Følg postane 1-10 nede i museumstunet. Når du har funne løysingsordet kan du hente ein liten premie i resepsjonen. Høver for litt større born.

  • Spikking i trevirke med Leiv Sølvberg, kl. 12-16 begge dagar. (Telt nede mot naustet)

  • Kl. 14 (begge dagar): Omvising i tunet: Bli med inn i nokre av dei antikvariske husa våre og høyr meir om livet på sunnfjordbygdene på 1800-talet. Vi fortel også om planane for to bygningar vi skal opne i jubileumsåret 2026. Omvisinga tar ca. 1 time.

  • Uteleikar i tunet

  • Bygg deg ein leikebåt i tre: I resepsjonen i besøksbygget kan du låne ein verktøykasse med utstyr til å lage ein leikebåt. Arbeidsstasjon ligg nede ved vatnet (skilta)

*Med atterhald om endringar.


Årets utstillarar

Desse kjem på Handverk- og husflidsmessa 2025:

* Maren Erland (vev)

* Ruth Berit Garfoss (saft og krydder)

* Remi Arnesen (såper og lys)

* Oddlaug Fonn Skår (vev)

* Asbjørg Lotsberg (strikkeprodukt)

* Marianne Skadal (betongfigurar)

* Vilde Nena Aarseth (ung design)

* Bente Kleiva Stensaker (hekla ryer)

* Odd Grimsrud (trearbeid)

* Viktoria Sukhanik (smykker)

* Sonata Kerse (små gåver med vinylprint, barneklede, nøkkelringer mm)

* Lilya Trofimchuk (handlaga dokker, små smykker)

* May Elin Eikaas Bjerck (skinntrykkdesign på saueskinn)

* Mariann Ulltang Birkeland (keramikk)

* Ingrid Skinlo (trad. mønstervottar og strikka sokkar)

* Nina Skinlo (smykker av resirkulert sølv)

* Mari Heggheim (krydder)

* Marit Nysæther Oppedal (krydder)

* Gunvor Berge (saum og strikk)

* Heidi Aas (strikk)

* Anne Grete Hønsi Opdal

* Kari-Ann Hauken

* Kari Johanne Kvamme (syprodukt)

* Hafdis Helgadottir (målar på stein og bilete)

* Gerd Haugland (glaskunst)

* Sogn og Fjordane husflidslag

Utstilling

I utstillingssalen i besøksbygget kan du sjå utstillinga Spelemenn og sognekjerringar: underhaldning i det norske Amerika
Utstillinga er laga i samband med utvandrarjubileet 2025, og presenterer utvandring frå Sunnfjord, Nordfjord og Sogn til USA og Canada gjennom historier om norsk-amerikanske musikarar og komikarar med bakgrunn i gamle Sogn og Fjordane fylke.

Reiskap i tre.
Reiskap i tre var blant varene til sals på husflidsmessa i 2024, laga av Vilde Nena Aarseth. Ho kjem att i år! Bli med 13. og 14. september for å møte ho, og alle dei andre utstillarane på årets messe.