Tradisjon tru inviterer Sunnfjord Museum og Sunde Krins Grendalag til jonsokfeiring i Movika! Også i år blir det jonsokbrudepar og kafe i Sersjantløa.
På grunn av lite påmelding blir det dessverre ikkje "Ta sjansen" i år. Istaden blir det aktivitetar i museumstunet for store og små!
Vi set uteleiker og rebus, og det er høve til å prøve å kverne korn og bære vatn med vannsele.
På slutten av kvelden kan du kanskje ta ein tur og plukke sju slag blomer til å legge under puta? Ifølgje folketrua skal du då drøyme om kven du skal gifte deg med!
![sunnfjord-museum/img_4109.jpeg.](/img/asset/YXNzZXRzL3N1bm5mam9yZC1tdXNldW0vaW1nXzQxMDkuanBlZw==/img_4109.jpeg?w=3024&h=3024&s=f9458781574a57e2c003662c9059f850)
Om vêret tillet det blir det også bål på Movatnet og grilling i tunet. Hugs å ta med din eigen grillmat.
![sunnfjord-museum/arrangement/2023/jonsok/jonsok-2022-folk-i-tunet.jpg.](/img/asset/YXNzZXRzL3N1bm5mam9yZC1tdXNldW0vYXJyYW5nZW1lbnQvMjAyMy9qb25zb2svam9uc29rLTIwMjItZm9say1pLXR1bmV0LmpwZw==/jonsok-2022-folk-i-tunet.jpg?w=2000&h=1333&s=57457c961b3e51f24c626194ee03ea51)
Førebels program
18:00 Jonsokbrudepar
Billettprisar
Vaksne:120 kroner
Student/ honnør: 90 kroner
Barn og årskort: Gratis inngang