Tradisjonen tru inviterer vi til jonsokfeiring i Movika saman med Sunde Krins Grendalag. Suksessoppskrifter treng ein ikkje gjere mykje med, så også i år blir det jonsokbrudepar, kafe i Sersjantløa, og Ta sjansen!
På grunn av skogbrannfaren har desverre museet vurdert at det ikkje kan tennast bål eller grille i tunet i år. Sjølv om det kjem regn dagane før er det framleis tørt, og ein risiko i tunet.
Ta sjansen 10 år!
I 2023 feirar Ta sjansen 10 års jubileum. Sidan 2013 har kreative farkostar sett utfor rampen og ned i Movatnet. Med meir eller mindre hell. I år håpar vi mange har lyst til å prøve seg. Meir informasjon og påmeldingsskjema finn de her.

18:00 Jonsokbrudepar og spel med Jølstrabeljen
19:00 Ta sjansen


Vaksne: 110 kroner
Student og honnør: 80 kroner
Barn opp til 18 år: gratis