Sunnfjord Museum feirar 100 år! Vi ønskjer alle velkomne til ein stemnedag i museumstunet. Alt dette kan du oppleve:
I Skomakarverkstaden kan du prøve Med årar og segl til Bergen - eit spel utvikla av museumpedagogar i Musea i Sogn og Fjordane!
I Huus-stova kan du lage kollasje og leike deg med foto, blad, saks og lim
I utstillingssalen kan du vere med på å bygge ein modell av museet og tenkje kreativt om korleis tunet ser ut i framtida
Kl 13 blir det tekstilomvising i utstillingssalen og i Myklebustloftet
Kl 14.30 blir det omvising med handverkarane i Løsetloftet
Utforsk utstillingane Røter i rørsle: 100 år på Sunnfjord Museum og Movika Landhandel og Skomakarverkstad
Hels på geitene og prøv uteleikane i tunet!
Billettprisar:
Vaksen 140 kr
Honnør/student 110 kr
Barn 0-17 gratis
Årskort gratis
Om kvelden blir det jubileumsfest, med middag, musikk og meir! Festen har eigen billettpris. Les meir og bestill billett her.