Sunnfjord Museum ønskjer alle velkomne til ei staseleg feiring av vårt 100-års jubileum! Kvelden startar kl. 19 med ein festmiddag i Sersjantløa med apertif, sosekjøt og dessert. Under middagen får vi også musikalske innslag frå Buldre Mannskor og Erlend Apneseth, samt dikt og lokale segn lest av Olin Steinsvik frå Astruptunet. Etter middagen blir det omvisingar i dei tre nye utstillingane vi har utvikla til jubileumsåret: Løsetloftet, Movika Landhandel og Skomakarverkstad, og jubileumsutstillinga Røter i rørsle: 100 år på Sunnfjord Museum. Vi møtest igjen i Sersjantløa kl. 21 for dans med tradisjonsmusikk og ein kakebit. Vi håpar du har lyst til å feire med oss!
Festbillett 450 kr
Om dagen blir det eit jubileumsstemne for heile familien, med vanlege inngangsprisar. Les meir om dagsarrangementet her.
Har du allerigier eller nødvendige matpreferansar? Skriv dei i notatfeltet når du kjøper billett, eller send mail til salpis@misf.no. Fristen for å melde inn matpreferansar er 7. august.