Sunnfjord Museum Sunnfjord Museum
Pynta julebord. Kvit duk, mat og lys på bordet.

Jul i Østenstadstova

Tidspunkt til
Stad Sunnfjord Museum

Også i år har vi pynta til jul i museumstunet. I Østenstadstova kan du oppleve korleis det det var å feire jul tidlig på 1800-talet.

Jula starta julekvelden når jula vart ringt inn. Dei som budde i nærleiken kunne høyre kyrkjeklokkene. Dei som budde lengre frå skaut jula inn med tre skot. Alle førebuingane skulle då vera ferdige.

Feit og mykje mat

Jula var ei viktig og nok etterlengta høgtid i vinterhalvåret. Østenstadstova, som syner jul før 1850. Maten var ein viktig del av jula. Det skulle vera nok, feit og mykje mat. På bordet ser du smør, graut og lefser. Dette var høgtidsmat og skilte seg frå maten resten av året. Grauten var koka på mjølk og fint mjøl. Også lefsene var baka med finare mjøl enn resten av året. I jula skulle det beste smøret på bordet. Resten av året var det vanlig med geite -eller sauesmør.

På julebordet er det også brød og såkake. Såkaka har nok gamle røter. Ho blei laga av det siste kornet som blei sanka inn om hausten, og blei sett på som ekstra fruktbart. Såkaka sto heile jula før den blei ete. Restane blei bruka i såkornet neste vår.

Juledekt bord. Famal stove. Kvit duk, men lys og mat på bordet.
Det skulle vera mykje og feit mat til jul.

Øl og brennevin til store og små

Øl og brennevin står også på bordet. Øl til jul er ein av dei eldste tradisjonane vi har, og går fleire tusen år tilbake i tid. I Gulatingslova var det lovfesta å brygge øl til jul og å drikke ølet opp før jula var over. Etter at brennevin vart vanlig på 1500-talet sto også dette på julebordet. Alle skulle ha ein juledram, også barna.

(..)der i kråa hadde far den firkanta butlen med brennevin, og so var det kvar sin dram, ein um kvelden og ein Joledagsmorgonen. Me borni fekk ikkje nokon heil dram, men me fekk berre littegrand.

 Frå Jul i Sunnfjord, 1926

Lys og guds ord

Bordet og stova er pynta med lys. Lys var ei luksusvare og vart spart på resten av den mørke årstida. I jula skulle lysa fram. Julenatta skulle lyset stå tent heile natta, og huslyden sat vakt på skift for å passe på at det ikkje slokna. På bordet ligg også bibel og salmebok. Juleevangeliet vart lese av husbonden før julemåltidet, og det var vanlig å synge julesalmer rundt bordet.

Julehalmen

Over bordet heng ein uro av halm, også kalla halmkrune bordkrone eller «verdas uro.» Uroane var laga med enkle geometriske figurar, ofte med europeiske førebilde. Etnologen Lily Weiser-Aal som har sett på halmuroar her i Noreg meiner dei er ein versjon av eldgamle skikkar med å henge akskvastar, blomar eller kvistar i talet ved høgtider.

Ny halm skulle også ut på stovegolvet julenatta. Då låg heile hushaldet saman i den nye julehalmen. Trua var at døde slektningar og andre kom julenatta og skulle sove i sengene. Forklaringa på dette er fleire: Redsla for dei døde og ande underjordiske gjorde at ein ville sove saman, å viske ut dei sosiale forskjellane i den spesielle natta, eller at ein skulle sove, som jesusbarnet, på halm den heilage julenatta.

Stova var elles pynta med eviggrønt og på golvet var det strødd einer. Det eviggrøne symboliserte evig liv og sola sin udøydeligheit.

Både Østenstadstova og Plasstova er pynta til jul. Du kan besøke dei i museet si opningstid, tysdag til fredag 10.00 - 15.00 fram til 20. desember. I utstillingssalen kan du sjå utstillinga Skakke folkedrakter, ikkje ei draktutstilling.