Sunnfjord Museum Sunnfjord Museum
Dekka bord med fat, koppar, drammeglas og lys. I bakgrunnen står ein eine pynta med julepynt.

Jul på Sunnfjord Museum

Tidspunkt til
Stad Sunnfjord Museum

Frå 18. november til 17. desember kan du sjå to av stovene i tunet, Østenstadstova og stova på husmannsplassen, pynta til jul!
I stovene får du eit innblikk i korleis det kunne sett ut på julekvelden og julehøgtida på høvesvis starten og slutten av 1800-talet. På borda vil du sjå mat, dekketøy og lys, og i romma elles er det pynta med eviggrønt.

Når du løyser billett får du utlevert eit lite hefte der det står meir informasjon om det du ser i husa, og du kan lære meir om juletradisjonar frå det gamle bondesamfunnet. Husa vil stå opne i opningstida*, men for å komme heilt inn i stova må du vere med på omvising med ein guide. I ei guida omvising får du også høyre meir om museet og andre bygningar i tunet.
I heftet ligg det også kart med oversikt over kva andre bygningar vi har i friluftsmuseet. Visste du for eksempel at vi har ein støl? Den kan du besøke ved å følge stiane Mostien eller Dyreløypa, med start frå museumstunet.

*Døra inn i til sjølve stova er stengt med grind/pleksiglas. Dersom dårleg vær må vi også stenge ytterdøra. Du kan alltid få omvising. Ta kontakt med oss i resepsjonen.

Gamalt lafta trehus dekka av rimfrost og med skråtak dekka av snø. Stearinlys i vindauget på huset. Vinterlandskap.
Vi inviterer deg til å oppleve dei julepynta stovene i friluftsmuseet. Og kanskje får vi eit lag av snø, slik som på biletet her frå 2022?
Viktig informasjon

I november - desember vil det være rehabiliteringsarbeid i Besøksbygget og det vert stengt for besøkande. Resepsjonen og museumsbutikken vert difor flytta inn i Halbrendshuset (Det kvite huset ved sidan av Besøksbygget. Det blir sett opp skilt). Billettar får ein kjøpt i Halbrendshuset, og vi minner om at museumsområdet har billettsone i museet si opningstid.

Museumsbutikk: I den eine stova blir det museumsbutikk, der det mellom anna vil vere høve til å kjøpe eldre utgåver av "Jul i Sunnfjord"-hefter.

Toalett finn du i toalettbygget ved sidan av Halbrendshuset.

Søndagane 7. desember og 14. desember arrangerer vi Jul i tunet! Då vil det vere høve å kjøpe seg kaffi og vaflar. Vi serverer gløgg og pepperkaker. I Huus-stova har vi juleverkstad der du kan prøve nålefilting og lage julepynt.

Hjartleg velkomne til jul på Sunnfjord Museum!

Planlegg besøket ditt

Opningstider

1. september — 19. desember
tysdag til fredag 10:00-15:00

Prisar

  • Vaksne: 130 kr
  • Honnør/Student: 100 kr
  • Born 0-17 år: Gratis
  • Gruppe (min. 15 pers)*: Ta kontakt for pris

Her er vi

Sunnfjord Museum
Jølstravegen 107
6819 Førde