Sunnfjord Museum Sunnfjord Museum
Nærbilete av ei fletta korg, i bakgrunnen deltakarar på kurs i korgfletting som sit på verkstaden og flettar korger.

Kurs i knutekorg og tægerbinding

Tidspunkt til
Stad Sunnfjord Museum

Kurs i korgfletting er nesten blitt eit årleg arrangement her på Sunnfjord Museum. No inviterer vi igjen til kjekke kursdagar der dette tradisjonshandverket står i fokus. Denne gongen kan du som deltakar velje mellom å lage ei knutekorg eller lage smykke i tæger.

Leiarane av kurset er korgmakarane Hege Aasdal og Samson Øvstebø. Dei er begge lidenskaplege formidlarar av teknikkar innan korgfletting, og har sidan 2020 halde kurs hos oss.

Som deltakar vel du kva produkt du ynskjer å lage; Knutekorg eller tægersmykker. Kurset skjer i verkstaden på Sunnfjord Museum, og Hege og Samson vil leie deltakarane gjennom dei ulike prosessane med handverket. Du treng ingen forkunnskapar, og kurset passar for alle.

Kurset har oppstart torsdag 29. februar kl. 17.00.
Ein er ferdig ca. kl. 17.00 sundag 3. mars. Sjå tidsplan for kurset lenger nede.

Knutekorg

I Noreg har det tradisjonelt vore laga mange forskjellige typar korger i splitta materialar. Ei ganske spesiell og unik korg er knutekorga, eller sendingskorg med bøygd ramme.

Korga er bygd opp av 4 pinnar som lagar ei ramme. Denne ramma blir fylt ut med heiltre og flett av selje, hassel eller einer i sidene og botnen.

På kurset lærer ein teknikken for å sette saman ramma og sette inn fyllingane i korga, samt dele materiale og flette sidene og botnen. Ein kan også sette på handtak om ein ynskjer det.

Bilete av ei korg i tre, også kalla knutekorg.
Knutekorg
Tægerbinding

Tægerbinding er ein teknikk med lange tradisjonar og ein finn mange fantastisk flotte tægerkorger med fantastiske mønster rundt i heile landet.
Tæger er røter av bjørk, som er gravd opp, reinska og oftast delt. Ein nytter røter i forskjellige tjukkleikar til forskjellige korger.

Tægerbinding er ein tidkrevjande teknikk, og på dette kurset vil du lære dei grunnleggjande prinsippa og lage små ting som brosjer, hårnåler, brikker eller øyredobber.

Bilete av to øyredobber, laga i teknikken tægerbinding.
På kurset lærer du å lage småting som hårnåler, brosjer og øyredobber.

Tidsplanen for kurset (torsdag 29. februar - søndag 3. mars):
Knutekorg: 27 timar totalt fordelt slik:
Torsdag kveld kl. 17.00 -21.00, fredag kl. 13.00 -21.00, laurdag kl. 10.00 -18.00 og søndag kl. 10.00 -17.00

Tægersmykke: 23 timar totalt fordelt slik:
Torsdag og fredag: kl. 17.00 - 21.00, Laurdag: Kl. 10.00 - 18.00 og søndag kl. 10.00 - 17.00

Pris og påmelding

Pris: 2100 + 500 kr i materiale (Kursleiarane tar med seg alt av material. Dette betalar du for direkte til dei)

Inkludert i kursavgifta får du:
- Varmt lunsjmåltid servert laurdag 2. mars.
- Lett servering alle kursdagar med kaffi, te, frukt og kjeks.

Påmelding: Du melder deg på kurs ved å sende  ein e-post til ninbre@misf.no eller ringe tlf.nr. 414 21 959. Påmeldinga må innehalde følgande: Namn kursdeltakar, namn fakturamottakar, postadresse og e-postadresse fakturamottakar, telefonnummer, og om du har allergiar vi må ta hensyn til. I tillegg må du opplyse om du vil lage tægersmykker eller knutekorg.

Det er bindande påmelding, og fristen for påmelding er 8. februar.

Kurset har plass til 12 deltakarar.

Avmelding

Dersom du ikkje kan møte på eit kurs du har meldt deg på, er det viktig at du melder frå til oss så fort som mogleg. Ring 57 72 12 20 eller send epost til sum@misf.no.
Avmeldingsgebyr er kr. 500 fram til 8. februar. Melder du deg av etter dette må du betale full kursavgift. Same regel gjeld om det er sjukdom eller andre årsaker.

Ved avlysing, i tilfelle av ufortsette hendingar frå arrangør si side eller for få deltakarar, refunderast fullt kursbeløp til deltakaren.

Kursleiarane Hege Aasdal og Samson Øvstebø

Hege Aasdal er utdanna korgmakar hjå Skovstuen Pil og er stipendiat for Norsk Handverksinstitutt frå 2020 til 2023. I stipediatperioden fordjupar ho seg spesielt  i korger i splitta materiale.
Korgmakaryrke er eitt av verdens eldste yrke, då mennesket alltid har trengt noko å oppbevare å bære ting i. Dei tradisjonelle korgene som er utvikla og forbedra igjennom hundrevis av år, over heile Noreg, er det no nesten ingen som lenger kan lage. Kunnskapen om materiale, hausting og foredling, samt fletting, er nesten gløymd kunnskap. Dette ynskjer Hege å bidra med å ta vare på og vidareformidle.

Samson Øvstebø har laga kiper og halde på med trearbeid i over 20 år, og har halde utallige kurs. Han er veileder for Hege i stipendiatarbeidet, og har samarbeida med ho i fleire prosjekt i regi av Norsk Handverksinstitutt med å gjenskape tradisjonelle korger som vedmeis, aktarkorg og snik. Han har arbeida mest i brakje (einer) men jobbar no med mange treslag og har mykje erfaring på deling og fletting med forskjellige tresortar.

Planlegg besøket ditt

Opningstider

3. juni — 1. september
Måndag til fredag 10 - 17
Laurdag og søndag 12 - 17

Prisar

  • Vaksne: 120 kr
  • Honnør/Student: 90 kr
  • Born 0-17 år: Gratis
  • Gruppe (min. 15 pers)*: Ta kontakt for pris

Her er vi

Sunnfjord Museum
Jølstravegen 107
6819 Førde