Sunnfjord Museum Sunnfjord Museum
Nærbilete av ei fletta korg, i bakgrunnen deltakarar på kurs i korgfletting som sit på verkstaden og flettar korger.

Kurs i korgfletting: Handkipe, ryggkipe og sponkorg

Tidspunkt til
Stad Sunnfjord Museum

Kurs i kipekorg og sponkorg med høvla spon, 
med korgmakarane Hege Iren Aasdal og Samson Øvstebø

Kurs i korgfletting er blitt ein tradisjon her på Sunnfjord Museum. No inviterer vi igjen til kjekke kursdagar der dette tradisjonshandverket står i fokus. Denne gongen kan du som deltakar velje mellom å lage ei handkipe, lita ryggkipe eller sponkorg. Dei ulike typane ser du bilete av litt lenger nede.

Leiarane av kurset er korgmakarane Hege Aasdal og Samson Øvstebø. Dei er begge lidenskaplege formidlarar av teknikkar innan korgfletting, og har sidan 2020 halde kurs hos oss.

Som deltakar vel du kva produkt du ynskjer å lage. Kurset skjer i verkstaden på Sunnfjord Museum, og Hege og Samson vil leie deltakarane gjennom dei ulike prosessane med handverket. Du treng ingen forkunnskapar, og kurset passar for alle.

Kurset har oppstart torsdag 27. februar kl. 16.00.
Ein er ferdig ca. kl. 12.00 sundag 2. mars. Sjå tidsplan for kurset lenger nede.

Kipe

Kipe - det er ei korg som er mykje brukt på vestlandet, der dei måtte bere alt frå poteter til høy og ved i bratte lier. På kurset kan du velgje mellom ei lita ryggkipe og handkipe. Fellesnemnar er at dei har trebotn og spiler i tørt materiale, medan flettemateriale er ferskt.  

I Noreg har det tradisjonelt vore laga mange forskjellige typar korger i splitta materialar. Ein delte pinnar for å gjere dei smidige nok, og jamne nok til å flette med. Frå naturen si side er ingen pinnar like, så dei må tilverkast for å verte jamne og like nok til å setja saman til ei korg.  

Denne tilverkinga blir gjort for hand, med kniv og eventuelt ein høvel. Framgangsmåten er ganske lik sjølv om ein kan bruke mange forskjellige materiale. Deltakarane vil lære å splitte og tilverke materiale for hand og lagar alt materiale til eigne korger. 

sunnfjord-museum/korger.jpg.
Her ser vi ei handkipe, hankkipe og ei ryggkipe. På kurset kan du lage ei handkipe (t.v.) eller ei ryggkipe (t.h.)
Sponkorger

Vi fletter korg i maskinhøvla spon. På denne korga skal vi lage kantar i reven spon og eventuelt handtak for dei som ynskjer det. Det går raskt å flette med høvla spon, men å rive spon til kantar krev meir tid. Det gjer til gjengjeld korgene utruleg stabile og haldbare!  

I Noreg har det tradisjonelt vore laga mange forskjellige typar korger i splitta materiale. Sponkorger av furuspon har det vore lange tradisjonar for over store deler av landet. Sponkorger har vore laga både i reven spon, og seinare høvla spon. De i to typane har ganske forskjellige kvalitetar, men tar utganspunkt i same materiale.  

Tilverkinga av reven furuspon blir gjort for hand, med kniv og eventuelt ein høvel. Mens høvla spon høvler ein anten med ein handhøvel eller maskinell høvel. Deltakarane vil lære å splitte og tilverke materiale for hand, og lagar alt materiale til kantane og forsterkningane til eigne korger. 

sunnfjord-museum/sponkorg.jpg.
Sponkorg

Tidsplanen for kurset (torsdag 27. februar - søndag 2. mars):

20 timar totalt fordelt slik:
Torsdag kveld kl. 16.00 -21.00, fredag kl. 16.00 -21.00, laurdag kl. 09.00 -17.00 og søndag kl. 09.00 -12.00

Pris og påmelding

Pris: 2100 + 500 kr i materiale (Kursleiarane tar med seg alt av material. Dette betalar du for direkte til dei)

Inkludert i kursavgifta får du:
- Varmt lunsjmåltid laurdag 1. mars, servert i stova i Halbrendhuset, på Sunnfjord Museum
- Lett servering alle kursdagar med kaffi, te, frukt og kjeks.

Påmelding: Du melder deg på kurs ved å sende  ein e-post til ninbre@misf.no eller ringe tlf.nr. 414 21 959. Påmeldinga må innehalde følgande:

- Namn kursdeltakar
- Namn fakturamottakar
- Postadresse og e-postadresse fakturamottakar
- telefonnummer
- Eventuelle allergiar vi må ta hensyn til.

I tillegg må du opplyse om du vil lage handkipe, lita ryggkipe eller sponkorg.

Det er bindande påmelding, og fristen for påmelding er 31. januar.

Kurset har plass til 12 deltakarar.

Avmelding

Dersom du ikkje kan møte på eit kurs du har meldt deg på, er det viktig at du melder frå til oss så fort som mogleg. Ring 57 72 12 20 eller send epost til sum@misf.no.
Avmeldingsgebyr er kr. 500 fram til 31. januar. Melder du deg av etter dette må du betale full kursavgift. Same regel gjeld om det er sjukdom eller andre årsaker.

Ved avlysing, i tilfelle av ufortsette hendingar frå arrangør si side eller for få deltakarar, refunderast fullt kursbeløp til deltakaren.

Om kursleiarane

Hege Iren Aasdal er utdanna korgmakar hjå Skovstuen Pil og var stipendiat for Norsk Handverksinstitutt frå 2020 til 2023. I stipediatperioden fordjupa ho seg spesielt  i korger i splitta materiale.
Korgmakaryrke er eitt av verdens eldste yrke, då mennesket alltid har trengt noko å oppbevare å bære ting i. Dei tradisjonelle korgene som er utvikla og forbedra igjennom hundrevis av år, over heile Noreg, er det no nesten ingen som lenger kan lage. Kunnskapen om materiale, hausting og foredling, samt fletting, er nesten gløymd kunnskap. Dette ynskjer Hege å bidra med å ta vare på og vidareformidle.

Samson Øvstebø har laga kiper og halde på med trearbeid i over 20 år, og har halde utallige kurs. Han var veileder for Hege i stipendiatarbeidet, og har samarbeida med ho i fleire prosjekt i regi av Norsk Handverksinstitutt med å gjenskape tradisjonelle korger som vedmeis, aktarkorg og snik. Han har arbeida mest i brakje (einer) men jobbar no med mange treslag og har mykje erfaring på deling og fletting med forskjellige tresortar.

Planlegg besøket ditt

Opningstider

21. desember 2024 — 31. januar 2025
Vi held stengt. Ta kontakt for meir informasjon.

Prisar

  • Vaksne: 120 kr
  • Honnør/Student: 90 kr
  • Born 0-17 år: Gratis
  • Gruppe (min. 15 pers)*: Ta kontakt for pris

Her er vi

Sunnfjord Museum
Jølstravegen 107
6819 Førde