Sunnfjord Museum Sunnfjord Museum
Ferdig farga garn i nøste og dame med heimestrikka produkt.

Kurs i plantefarging

Tidspunkt -
Stad Sunnfjord Museum

Naturen er full av råvarer som kan nyttast til å få fram nydelege fargar i tekstil gjennom plantefarging. Plantefarging er den eldste kjende teknikken nytta til farging av tekstilar, og fram til siste halvdel av 1800-tallet føregjekk all farging av tekstil med fargar frå naturen.
No kan du lære deg denne kunnskapen når vi arrangerer plantefargingskurs på museet 27. august, kl. 11-16.

Kursleiar er Gitte Midtbø frå Gardsfargeriet. Ho har plantefarga sidan 2017 og er stort sett sjølvlærd. Gitte nyttar garn frå norsk ull som blir farga med planter og naturmiddel. «Målet er å bruke minst mogleg kjemikaliar, ta vare på den norske ulla og fiberen, og få fleire til å få augene opp for den fantastiske råvaren vi har!», seier Gitte.

Gitte kjem også til museet søndag 30. april, kl. 17.30, der ho fortel om plantefarging og teori: litt om garn, fargeprosessen, forbehandling, etterbehandling og planter i nærleiken. Det blir omvising i utstillinga Livreddaren, ei utstilling som set fokus på den gamalnorske spelsauen. Dette arrangementet er ope for alle interesserte. Ynskjer du å melde deg på kurset anbefalar vi at du er med denne kvelden, for å få ei god innføring i prosessen før kurset, men det er ikkje eit krav.

Det er plass til 10 deltakarar på kurset.

Pris

Kursavgifta er kr. 2500.

Dette inkluderer
- 200 gram garn pr. deltakar.
- Kaffi, te og lett servering på kursdagen.
- Kompendium om plantefarging, slik at ein kan fortsette heime om ein ynskjer.

På kursdagen vil det vere mogleg å få kjøpe 50 gr. hesper. Dette ordnar ein direkte med kursleiar.

Påmelding

Du melder deg på kurs ved å sende ein e-post til
museumspedagog Nina på: ninbre@misf.no, eller du kan ringe
tlf.nr: 414 21 959

Påmeldinga må innehalde følgande: Namn kursdeltakar, namn fakturamottakar, postadresse og e-postadresse fakturamottakar, og telefonnummer.

 

Det er bindande påmelding, og fristen for påmelding er
13. august.

Vi sender ut faktura etter påmeldingsfristen.

Avmelding: Dersom du ikkje kan møte på eit kurs du har meldt deg på, er det viktig at du melder frå til oss så fort som mogleg. Ring 57 72 12 20 eller send ein e-post til sum@misf.no

Avmeldingsgebyr er kr. 500 fram til 13. august. Melder du deg av etter dette må du betale full kursavgift.

Ved avlysing, i tilfelle av uforutsette hendingar frå arrangør si side eller for få deltakarar, refunderast fullt kursbeløp til deltakaren.