Sunnfjord Museum Sunnfjord Museum
Person med forstørrelsesglas i handa, studerer inngangen til Sandnesbua.

Påskekrim

Tidspunkt til
Stad Sunnfjord Museum

Klarar du å løyse påskekrimmen på Sunnfjord Museum?

Gul sommar

Året er 1820. Det er høgsommar og det har skjedd noko mystisk i den vesle bygda. Tenestejenta Ingeborg på storgarden Nilstunet har plutseleg forsvunne, og gardsfolket byrjar å bli redde for kva som kan ha hendt henne.
Bli med lensmann Mikkel Moviken og løys mysteriet.
I friluftmuseet finn du fleire postar som får deg inn i handlinga, stiller spørsmål og gjev spor. Undervegs blir du kjend med nokre av bygdefolket, mellom anna ein smed, ei bakstekjerring og gardskona frå storgarden.
Kva har skjedd med Ingeborg?

Påskekrimmen er tilgjengeleg frå 1. til 10. april. Aktiviteten er open også utanfor opningstid, og heile påskeferien.
Du følgjer ei løype ute i friluftsmuseet, frå post 1 til 10.
Runden tar ca. 1 time.
Aktiviteten høver for dei litt større borna og vaksne. Små barn bør gå i følgje med vaksne.

I nærleiken av inngangsdøra på museet finn du post 1. Her kan du scanne ein QR-kode for å få tilgang til eit kart som viser postane i friluftsmuseet. Her blir du også presentert for personane du møter undervegs i handlinga.

På post 10 scannar du ein ny QR-kode og sender inn svaret ditt på løysinga.
Vi trekk ein vinnar 11. april! Då blir også løysinga på påskekrimmen publisert.
Lykke til!