Sunnfjord Museum Sunnfjord Museum
Ei brun tøymus står ved sidan av eit påskeegg.

Påskekrim: "Pia og dei forsvunne påskeegga"

Tidspunkt til
Stad Sunnfjord Museum

Hugsar du stabbursmusa Pia, og tjuven som stal osten hennar? No er Pia tilbake! Og igjen er det frekke tjuvar på museet!

Denne gangen er det haren som treng hjelp av muse-vennen sin! Nokon har nemleg stole alle påskeegga som haren hadde måla!


Hjelp Pia og haren med å finne dei forsvunne påskeegga! Følg postane i tunet, løys oppgåver og aktivitetar undervegs og sjå etter spor. Klarar du å finne påskeegga? Og klarar du å finne ut kven tjuven er?

Slik er du med og løyser krimmen

I resepsjonen får du utlevert eit ark med kart over museumstunet og postane. Du føl postane i rekkefølge. Undervegs i løypa må du sjå etter påskeegg og spor. Nokre stader er det lagt opp til aktivitetar. Det er viktig at alt utstyr som blir brukt i aktivitetane leggast på plass igjen, slik at det er klart til andre besøkande. Egga du finn må også bli att, slik at andre besøkande kan finne dei og!

På siste post finn du ein QR-kode. Skann koden og registrer namn og kontakt-info for å vere med på trekking av premie blant alle deltakarane. Her kan du også svare på spørsmål som du møtte undervegs i løypa.

I perioden 14. april-16. april, kl. 10.00-15.00, kan alle som løyser påskekrim også springe i resepsjonen og få ein liten premie. Desse dagane kan du også bli med på mange andre aktivitetar på museet då museet held ope.

16. april er siste dag vi har ope før påske, men påskekrimmen blir tilgjengeleg heile påskeferien (siste dag 21. april)! Første post finn du då ved inngangsdøra til museet. Lykke til!

sunnfjord-museum/musa-pia-og-nina_msf_04404_38221929.jpg.
Museumspedagog Nina er klar med ny krimgåte der musa Pia er detektiv!