Sunnfjord Museum
Ei tøymus står framfor ei gamal dør. På døra er det rissa inn symbol.

Påskerebus: Pia og dei mystiske symbola

Tidspunkt til
Stad Sunnfjord Museum

Stabbursmusa Pia håpar på ein roleg påskeferie saman med tanteungane sine, Rose og Måling, som er på besøk. Men, den avslappa påskestemninga snur fort. Dei små museborna blir redde då dei plutseleg ein dag ser mystiske kross-symbol på ei av dørene i museumstunet!
Kvifor er det teikna krossar på ei dør? Er det nokon som har døydd der inne!?
Pia veit råd, og tar dei små musene med på ein tur i museumstunet.

Dei inviterer sjølvsagt deg til å bli med!

I årets påskerebus kan du bli betre kjend med teikn og symbol frå folkekulturen som ein kan finne på museet. Den kunnskapsrike Pia leiar veg frå post til post. Det er totalt 5 postar i tunet. Svar på spørsmåla undervegs, leik og ha det kjekt!

Skann QR-koden i starten av løypa. Då kan du registrere svara dine undervegs og bli med i trekking av ein premie. Dei som løyser rebus i opningstida 30. og 31. mars får utlevert ark med QR-kode og kart i resepsjonen.

Greit å vite:

  • Postane har tekst, så det er lurt med nokon som kan lese. Elles høver løypa for små born og godt vaksne!

  • Alle postane er ute i museumstunet. Kle deg etter vêret!

  • Vi minner også om å vise hensyn til dei antikvariske bygga i tunet.

Løys påskerebus heile påska!

I perioden 30. og 31. mars, kl. 10.00-15.00, kan alle som løyser påskekrim også springe i resepsjonen og få ein liten premie. Desse dagane kan du også bli med på mange andre aktivitetar på museet då museet held ope.

31. mars er siste dag vi har ope før påske, men påskekrimmen blir tilgjengeleg heile påskeferien (siste dag 6. april). Informasjon og QR-kode finn du då ved inngangsdøra til museet.
Vi trekk ein vinnar etter påska blant alle som har registrert svar. Lykke til!