Sunnfjord Museum Sunnfjord Museum
Lita jente gjev gras til geiter. Ein vaksen og ein gut ser på.

Sesongopning

Tidspunkt -
Stad Sunnfjord Museum

Tradisjon tru markerer vi starten på sommarsesongen med ei sesongopning, og ynskjer små og store hjartleg velkomen til Sunnfjord Museum!

På sesongopninga blir ulike aktivitetar ute og inne. I utstillingssalen kan du sjå utstillinga "Hovudplagg og hårmote i folkedrakt og bunadbruk" der over 60 hovudplagg frå store delar av landet er utstilt. Museumsbutikken er open, og du kan kjøpe kaffi, vafflar, is og enkle kioskvarer.

Førebels program for dagen

12.00 "Ein skuledag i gamle dagar". Lær om korleis det var å gå på skulen for ca 100 år sidan
13.00 Museumsgeitene får namn!

11.00 -15.00 Uteleiker og aktiviteter i tunet. Du kan prøve å kverne korn på handkvern og bære vatn med vassele.
11.00 -15.00 Lag din eigen leikebåt
11.00 -15.00 Veving, fletting og teikning i utstillingssalen
11.00-15.00 Prøv å lage seljefløyte

liten gut med lyst hår lagar båt med kvinne med mørkare år. Båt og verktøy står på palle i forkant. grasplen bak.
Ein av aktivitetane du kan prøve deg på er å lage din eigen leikebåt!
Billettprisar

For å kome inn på museumsområdet i opningstida må du kjøpe billett. Du kan kjøpe billett i resepsjonen, eller på nett. Brukar du tilbodet vårt mykje? Kjøp eit årskort du kan bruke hjå oss og resten av Musea i Sogn og Fjordane eit heilt år frå kjøpsdato!

Ope kvar dag resten av sommaren!

Frå 2. juni held vi ope kvar dag! Fram til 30. juni kan du sjå utstillinga "Hovudplagg og hårmote i folkedrakt og bunadbruk". Du kan få omvising i fleire av husa og fleire dagar har vi aktivitetsdagar for heile familien. museumsbutikken er open og du kan kjøpe kaffi, is og enkle kioskvarer.

sunnfjord-museum/sunnfjord_utvikling/sunnfjordmuseum-2.jpg.
Frå måndag 3. juni har vi ope heile veka! Kjem du på besøk er individuell omvising noko av det du kan få med deg.

Planlegg besøket ditt

Opningstider

3. juni — 1. september
Måndag til fredag 10 - 17
Laurdag og søndag 12 - 17

Prisar

  • Vaksne: 120 kr
  • Honnør/Student: 90 kr
  • Born 0-17 år: Gratis
  • Gruppe (min. 15 pers)*: Ta kontakt for pris

Her er vi

Sunnfjord Museum
Jølstravegen 107
6819 Førde