Sunnfjord Museum Sunnfjord Museum
Lita jente gjev gras til geiter. Ein vaksen og ein gut ser på.

Sesongopning

Tidspunkt -
Stad Sunnfjord Museum

Vi markerer starten på sommarsesongen med ei sesongopning, og ynskjer små og store hjartleg velkomen til Sunnfjord Museum!

På sesongopninga har vi eit rikt program, og du kan vere med på aktivitetar både inne og ute.

Program for dagen

Kl. 12.30: Utstillingsopning av utstillinga Spelemenn og sognekjerringar: underhaldning i det norske Amerika. Omvising v/ museumsleiar Sallie Anna.

Kl. 14.00: Museumsgeitene får namn.
Namngjeving til dei tre museumsgeitene. Etterpå kan born og vaksne bli med inn på beitet og gje geitene kos og mat.

Kl. 15.00: Familieomvising (Omvising på norsk). Bli med på ei omvising i friluftsmuseet og høyr om korleis folk på sunnfjordbygdene budde og levde på 1800-talet. Vi besøker mellom anna Østenstadstova, ei røykstove frå 1500-talet, og skulestova der du kan skrive med blekk og penn.

Kl. 10-15: I stabburet kan du sjå konservatoren vår, Kristine, jobbe med gjenstandar og førebu ny miljøutstilling. Ho svarar gjerne på spørsmål.

Heile dagen kan du:

* Prøve uteleikane som står i tunet. Du kan gå på stylter og kaste ringspel.

* Spele brettspel, teikne eller nyte medbrakt niste i Huus-stova

* Kverne korn med handkverna i eldhuset

Ei dame og to born sit og et is.
Museumsbutikken er open og her får du kjøpt is, kaffi, brus og enkle kioskvarer. Vi har nokre glutenfrie produkt. Spør i resepsjonen. På familiedagar eller andre arrangement sel vi vaflar.

Ope kvar dag i sommar!

Frå 1. juni-31. august held vi ope kvar dag!
Måndag til fredag: Kl. 10-17.
Laurdag og sundag: Kl. 12-17.

På utvalde datoar i sommar arrangerer vi Familiedagar. Dette er aktivitetsdagar for heile familien, og i tunet legg vi til rette for at du kan prøve ulike ting som til dømes å prøve ulike handverks- og husflidsaktivitetar.

sunnfjord-museum/sunnfjord_utvikling/sunnfjordmuseum-2.jpg.
Når du kjem på besøk er ei omvising i friluftsmuseet noko av det du kan få med deg. Omvisinga er alltid inkludert i billetten.
Billettsone i museet si opningstid

For å kome inn på museumsområdet i opningstida må du kjøpe billett. Dette gjeld uansett om du skal nytte deg av tilboda våre eller ikkje. Du kan kjøpe billett i resepsjonen, eller på nett.
Besøker du Sunnfjord Museum mykje? Kjøp eit årskort! Det kan du bruke hos oss og resten av Musea i Sogn og Fjordane eit heilt år frå kjøpsdato.

Planlegg besøket ditt

Opningstider

1. februar — 31. mai
tysdag til fredag 10:00 - 15:00
Vi held stengt dei raude dagane i påske og i mai.

Prisar

  • Vaksne: 130 kr
  • Honnør/Student: 100 kr
  • Born 0-17 år: Gratis
  • Gruppe (min. 15 pers)*: Ta kontakt for pris

Her er vi

Sunnfjord Museum
Jølstravegen 107
6819 Førde