Sunnfjord Museum
Areal bilete av museumstunet bak teksten

Sesongopning. Sunnfjord Museum 100 år!

Tidspunkt -
Stad Sunnfjord Museum

Sunnfjord Museum feirar 100 år med kulturhistorisk forvalting og formidling!

Bli med på ein spennande aktivitetsdag der vi lanserer dei tre store prosjekta for jubileumsåret, og sparkar i gang årets sommarsesong.
Denne dagen kan du:

  • Sjå jubileumsutstillinga og utforsk fortida, samtida og framtida til Sunnfjord Museum. Utstillinga ser du i den nyrenoverte utstillings- og formidlingssalen i 2. etg, i Besøksbygget.

  • Opplev guida omvisingar i det historiske Løsetloftet og dei nye miljøutstillingane i Movika Landhandel og Skomakarverkstad (Gulehuset)

  • Møt årets geiter! Tradisjon tru får årets geiter namna sine denne dagen.

  • Kos deg med uteleiker i tunet og prøv deg på aktivitetar i Huus-stova

  • Sjå og lukte, på blomar og urter i urtehagen.

  • Gå tur på Mostien og besøk museumsstølen undervegs. Du kan også følge stien til den flotte Huldefossen. Kart over turstiane i området finn du ved inngangen til Besøksbygget.

  • Ta turen innom museumsbutikken. Her finn du eit utval av bøker, gåveartiklar, tradisjonelle leiker, og handverksprodukt. Vi har servering av kaffi, is, og kioskvarer.

  • Sett deg ned og nyt noko godt i kafeen i Halbrendhuset. Dersom sola skin finn du mange fine sitteplassar ute på museumsområdet.

Her kan du lese meir om jubileet vårt, kva vi har jobba med dei siste åra, og kven som er gjengen på Sunnfjord Museum:

Luftfoto av museet - gamle trebygg med torvtak, grusvegar mellom tuna, strand med naust.
Delar av museumstunet slik det står i Movika, i dag.

sunnfjord-museum/sfff-1989013.332294--kopi.jpg.
Folkefest under opning av Sunnfjord Museum, på Skorpa i Førde, 1. august 1926. I jubileumsutstillinga får du eit innblikk i museumshistoria.

Hjartleg velkomen til sesongopning og jubileum på Sunnfjord Museum

Planlegg besøket ditt

Opningstider

3. februar — 30. mai
tysdag til fredag 10:00-15:00
Vi held stengt dei raude dagane i påske og i mai.

Prisar

  • Vaksne: 140 kr
  • Honnør & Student: 110 kr
  • Born 0-17 år: Gratis
  • Gruppe (min. 15 pers)*: Ta kontakt for pris

Her er vi

Sunnfjord Museum
Jølstravegen 107
6819 Førde