Sommaren er her, og det er klart for nye aktivitetsdagar på Sunnfjord Museum!
Torsdag 2. juli får vi inn hestekrefter og slåttekarar for å slå teigen vår i Movika, og vi inviterer deg til å bli med på tradisjonelt slåttearbeid. Du kan vere med å rake og hesje, og vi lærer deg å slå med ljå og stuttorv.
Dette kan du oppleve på Slåttedagen:
Heile dagen:
Bli med på tradisjonelt slåttearbeid! Du kan lære å slå med ljå og stuttorv. Når graset er slått, rakar vi og heng det til tørk på hesene. Du treng ingen erfaring for å vere med - våre dyktige museumsarbeidarar lærer deg teknikkane.
Møt representantar frå Norsk Bonde- og Småbrukarlaget. Lær om livet som småbrukarbonde i Sunnfjord.
Delta i folkeforskingsprosjektet Den ville pollinatortellingen. Tradisjonelle jordbruksmetodar er snille mot dei pollinerande insekta som lever i og av engene vi slår. Det er viktig å beskytte insekta slik at vi sikrar vekst av nye plantar til neste slått. Lær korleis å identifisere pollinerande insekt som humler og bier, og bli med på pollinatorjakt på museet.
Kl. 13.30: Servering av rømmegraut i Sersjantløa.
Kl. 14.30: Føredrag om permakultur frå Eldrid Skudal frå Eldrids Skoghage. Etterpå går vi ned til museet sin urtehage og Eldrid fortel om nytteplantane der.
Hjarteleg velkomen til Slåttedagen på Sunnfjord Museum!