Sommarleik på Sunnfjord Museum er tre aktivitetsdagar for born i alderen 9 - 13 år!
Borna får mellom anna lære å ro i båt, sette garn, og lage mat av fangsten og anna tradisjonsmat.
I verkstaden får dei prøve smiing og spikking i treemne rett frå skogen. Det blir også handverksaktivitetar i ull og tråd, og andre aktivitetar inne og ute.
Kunnskapsrike karar frå tidlegare "Movika Not- og samkomelag" er med oss og deler av sine erfaringar rundt roing i båt, setting av garn og matlaging.
Å vere i båt, og lære tryggleik på vatnet, blir eit sentralt tema dei tre dagane.
Påmelding og pris
Vi opnar for påmelding 8. mai.
Pris: kr. 800 (inkludert lunsj alle dagane)
Tidspunkt
21.- 23. juni.
Klokka 09.00 - 15.00, alle dagar.