Vi lagar julestemning i Movika, og inviterer deg til å oppleve julepynta stover og stemning i tunet.
I tunet pyntar vi til jul i stova på husmannsplassen og i Østenstadstova. Her kan du sjå korleis det såg ut på julekvelden på 1800-talet.
Klokka 13.00 kan du bli med på omvising inn i Østenstadstova og rundt til nokre av dei andre bygningane vi har i tunet. Her får du høyre meir om arbeid, mattradisjonar, juleskikkar, tru og overtru knytt til denne høgtida i det gamle bondesamfunnet. Kanskje får du svar på spørsmål om kvifor nokre av juletradisjonane dine er som dei er?
Søndag 8. desember, kl. 12-16
Søndag 15. desember, kl. 12-16
I tillegg til dei julepynta stovene blir det høve til å vere med på ulike aktivitetar. Kva aktivitet vil variere frå gong til gong. Det kan vere laging av julekort, julepynt, julebukkmasker eller bakst.
Julepynt du har laga kan du ta med deg heim, eller henge den på juletreet på museet.
Bli med og gå julebukk saman med oss!
På dei førjulsopne søndagane kan du også lage deg ei julebukkmaske.
Søndag 15. desember skal vi nemleg gå julebukk i museumstunet, og vi oppfordrar deg til å bruke maska di og kle deg ut saman med oss.
Opningstider og museumsbutikk
Du kan også sjå husa og besøke oss tysdag til fredag 10.00 -15.00.
I opningstidene er museumsbutikken open. Her får du kjøpt fine varer som leiker, gåveartiklar, handverksprodukt, og bøker.
Vi ynskjer deg hjartleg velkomen til eit førjulsbesøk i Movika.