Også i år inviterer Førdefestivalen til konsert på Sunnfjord Museum!
Bli med Barnas Turlag på tur opp til museumsstølen. Her får du høyre spennande forteljingar før det blir konsert i Sersjantløa. Det blir også leikar i museumstunet.
Friske hallingspark og saftig felespel i Sersjantløa
I Sersjantøa møter du Nina Fjeldet og Silje Onstad Hålien som tek deg med på ei eventyrlig reise inn i huldrefolket sitt rike i framsyninga Dans, sa fela. Du får oppleve friske hallingspark, saftig felespel som prøvar å redde ei jente frå sjølvaste Bergekongen!

I dei underjordiske sitt rike
Trua på naturmytiske vesen, som tussar,huldrefolk og nøkke var ein del av kvardagen til sunnfjordingen i gamal tid. Dei eksisterte i ei verd parallelt med menneska si. Desse to verdnane møttest ofte i utmarka og på stølen, og det er mange segner og forteljingar om slike møte.

Nokre av desse får du høyre på museumsstølen. I framsyninga etterpå blir du betre kjent med Bergekongen, eit av desse vesena som kunne ta menneske med seg inn i berget.
Og som hon no kom fram med bergevegg,
tida sker meg lange,
da kom bergekongin med det lange kvite skegg.
Det er eg som ber sorgi så trange.
Og bergekongin tukkat ein sylvforgyllte stol
tida sker meg lange,
set deg her stolt Margit, og kvil din fot!
Det er eg som ber sorgi så trange.
Margit Hjukse, oppskrift etter M. B. Landstad
Margit Hjukse er ei kjent norsk ballade. Den fortel om Margit Hjukse som blir lokka inn i berget av Bergekongen, og må leve resten av livet sitt med han og barna dei får i berget.