Sunnfjord Museum Sunnfjord Museum
sunnfjord-museum/hanna-1-(002).jpg.

Utstillingsopning "Pandoras øskje"

Tidspunkt -
Stad Sogn og Fjordane Kunstmuseum

Velkomen til opning av samarbeidsutstillinga «Pandoras øskje»!

Utstillinga er resultatet av eit samarbeidsprosjekt mellom elevar ved Kunst, design og arkitekturlinja på Førde vidaregåande skule, Sunnfjord Museum og Sogn og Fjordane Kunstmuseum. Med gamal emballasje og anna gjenbruksmateriale som utgangspunkt har elevane utforska gjenbruk som kunstnarisk praksis og som del av både lokal historie og vår eiga samtid. I prosessen har elevane latt seg inspirere av kunstverk og kulturhistoriske gjenstandar frå samlingane våre, og nokre av desse får også plass i utstillinga.

Merk! Utstillingsopninga skjer på Sogn og Fjordane Kunstmuseum. Utstillinga står fram til 3. mai 2026

I møte mellom elevane sine eigne verk og utvalde gjenstandar, og kunstverk frå samlingane til Musea i Sogn og Fjordane, blir grenser mellom avfall og verdi utfordra. Utstillinga opnar ein viktig samtale om verdi, kva vi vel å ta vare på, og kvifor.

Opningstalar ved elev ved Førde vidaregåande Hanna Tekla Poor, lærar Silja Juklestad, førstekonservator Kristine Kolrud. Konferansier avdelingsdirektør Tor Martin Leknes.

Program for kvelden:

18.00 – Dørene opnar, velkomst med apertif.
18:15 – Offisiell opning med talar og musikkinnslag ved Camilla Eikenes.
18:40 – Utstillina opnar.
20:00 – Museet stenger.

Gratis inngong.

Hjartleg velkomne til utstillingsopning på Sogn og Fjordane Kunstmuseum.