Hjartleg velkomne til vinterferiedagar på Sunnfjord Museum!
Måndag 16. og tysdag 17. februar, kl. 10.00-15.00 kan du vere med på aktivitetar både ute og inne på museumsområdet. Du kan til dømes vere med på*:
Takkebakst i Eldhuset. Museumsverten Knut Arild står klar med røre og utstyr! Kaka kan du nyte i Eldstova, saman med ein kopp kaffi eller kakao som du får kjøpt i stova (betaling med Vipps)
Rebusløype. Finn bokstavane som er gøymt i tunet. Bokstavane dannar løysningsordet. Oppgåveark får du utlevert i resepsjonen.
Kreative aktivitetar (Eigenaktivitet) i Huus-stova.
Spikke og arbeide i tre på verkstaden
Kl. 12 begge dagar blir det omvising i Østenstadstova, ei røykstove frå 1500-talet. Her kan du høyre museumspedagog Nina fortelje om arbeid på garden gjennom vinteren. Stova er ikkje oppvarma, så det er viktig å kle seg godt! Omvisinga blir på norsk og tar ca. 45 min.
Halbrendhuset er ope. Her får du kjøpt vafler, kaffi og kakao (Betaling med Vipps). Du er også velkomen til å nyte medbrakt nistepakke.
*Med atterhald om endringar.
I heile januar har det vore renoveringsarbeid i utstillingssalen og delar av resepsjonen i besøksbygget. Det kan vere at det er litt redusert tilbod i museumsbutikken. Vi beklagar dette.