Sogn og Fjordane Kunstmuseum Kunstmuseet
Kvinne står foran utstillinga og smiler til kamera.
Publisert 09/10/2025
Av Heidi Wergeland

Når kunsten møter sjukdommen

I 16 år levde Hans Gjesme bak murane på Gaustad psykiatriske sjukehus, men penselen slapp han aldri. Forskninga til konservator Ingrid Norum gir oss eit sjeldan innblikk i livet som psykisk sjuk i eit system ulikt frå det vi kjenner i dag.

Kunst som vitne til eit anna liv

Lærdalsmålaren Hans Gjesme (1904-1994) vart tidleg lagt merke til for sine landskap og portrett –fargesterke, detaljrike kunstverk som ofte var inspirert av livet heime på garden i Lærdal. Men bak det visuelle uttrykket låg eit liv som skulle bli sterkt råka av psykisk sjukdom, og av eit helsevesen som på 1950-talet hadde få verktøy for å møte menneske med alvorlege lidingar.

Etter at faren og tanta, to viktige støttespelerar, døydde i 1945 og 1949, fall kvardagen til Gjesme saman. Han vart einsam og i 1954 kom dei første symptoma: vrangførestillingar, høyrslehallusinasjonar og paranoide tankar. Han snakka om ein «fjernhypnotisør» som påverka han gjennom tankar og bilete, og bygdefolket i Lærdal vart uroa. Broren Olav tok han med til lege, og i januar 1955 fekk han åtte elektrosjokk på tre veker. Seinare same året vart han tvangsinnlagd på Gaustad psykiatriske sjukehus med diagnosen paranoid schizofreni.

To gutar i hage.
Bilete frå ca 1911 viser Hans Gjesme og bror hans Olav Gjesme.

Gjesme trudde han skulle få snakke med overlegen, i staden vart dørene låst bak han. Innlegginga skulle vare i 16 år. Han fekk aldri vite kvifor han ikkje fekk reise heim, og i eit brevkladd skreiv han:
«Det liknar mykje på eit diktatur her. Hvis eg ikkje slepp ut-att snart, får du venda deg til politiet og forlange meg ut.»

Kunst som dokumentasjon av eit skjult liv

Inne på Gaustad fann Gjesme tilbake til penselen, og kunsten hans frå denne perioden gir oss eit sjeldan visuelt innblikk i livet bak institusjonsmurane. Han måla det han såg rundt seg: landskap, bygningar, tilsette og kvardagslege bilete frå sjukehuset. Desse bileta fortel oss ikkje nødvendigvis korleis det var å vere pasient, men dei dokumenterer eit miljø og ei tid som ofte er usyneleg i historieforteljinga.

I dag, når psykisk helse er meir ope diskutert og behandlingsformer har endra seg, framstår Gjesme sitt liv som eit godt døme på korleis sjukdom kan prege, men ikkje nødvendigvis øydelegge eit menneske sitt uttrykk. Han skapte over 350 verk under opphaldet på Gaustad, mange av dei har aldri blitt vist fram før no.

Måleri i sterke fargar med mann på sti. Kraftige penselstrøk illusterer vind og kanskje kaos.
Bilete er eit av verka som Norum likar best. "Her er det mykje rom for tolkning. Ein kan tenke seg at treet over hovudet på skikkelsen er tankane som surrar" fortel ho. Bilete er eit av fleire som vi no veit er laga på Gaustad.

Ny forskning av Ingrid Norum

"Eg er ingen fagperson innan psykisk helse, men eg har gjort meg mine tankar om Gjesme i tida eg har studert han", seier konservator og kurator for utstillinga «Gal og genial?», Ingrid Norum. Utstillinga heng i dag på kunstsenteret i Lærdal. Ho har brukt fleire år på å studere Gjesme sitt liv og kunst. «Vi har utruleg mange verk frå Gjesme i samlinga vår. Det var først når eg reiste til Gaustad for å få ei djupare forståing at eg klarte å koble maleria hans til staden. Eg klarte å kjenne igjen ulike motiv frå Gaustad, som til dømes lyse landskapsmaleri, som eg tidlegare ikkje hadde sett føre meg var frå denne tida av livet hans».

I ei tid der pasientar ikkje alltid fekk fortelje si eiga historie, blir kunsten til Gjesme ståande som ei form for stemme. Bileta hans er ikkje nødvendigvis politiske eller opprørske, men dei viser nærleik, detaljar og stillheit frå eit liv inne på ein psykiatrisk institusjon. Dei kan tolkast som ei stille forteljing om korleis det var å vere der. Tida på Gaustad var noko Norum hadde grua seg til å ta tak i, men det viste seg å overraske ho til det positive. «Det som eg tidlegare har sett på som eit mørkt hol i samlinga har vist seg å vere noko unikt og fint, det hadde eg ikkje trudd når eg starta dette arbeidet»

Gjennom forskinga si på Hans Gjesme har Ingrid oppdaga nye sider ved kunstnarskapen hans. Ho har samanlikna Gjesme med andre kjente kunstnarar med liknande bakgrunn.

Kurator i samtale med publikum på kunstutstilling.
Utstillinga "Hans Gjesme: Gal og genial?" finn du i dag på Sogn Kunstsenter i Lærdal. Her heng nærmare 100 høgdepunkt frå dei 16 åra bak lukka dører.

Eit anna blikk på psykisk helse

Gjesme skil seg frå andre kunstnarar som har vore innlagde i psykiatriske institusjonar. Målaren Bendik Riis (1911-1988), var også pasient på Gaustad, men der Riis brukte sterke verkemiddel og skildra legar og sjukepleiarar som trugande og karikerte, valde Gjesme ei meir nøktern tilnærming. Sjølv etter å ha opplevd ei hard behandling med cardiazolsjokk, let han det ikkje kome direkte til uttrykk i bileta sine. I motsetning til Riis sine refsande verk, viser Gjesme rolege motiv frå sjukehusområdet og tilsette i kvardagslege situasjonar. Dette gir oss eit anna blikk på psykisk helse i kunsten: mindre dramatisk, meir kvardagsleg. Det minner oss om at sjukdom ikkje alltid ser ut slik vi forventar.

Før han vart lagt inn på Gaustad 20. desember 1955, hadde Gjesme hatt ei lang og aktiv kunstnarkarriere. Han hadde fleire utstillingar bak seg, vore ein del av kunstmiljøet og utvikla eit særeige uttrykk i løpet av 28 år som kunstnar. I likheit med verdskunstnarane Vincent van Gogh og Edvard Munch, som også hadde periodar med psykisk sjukdom og innleggelsar, måla Gjesme aktivt kort tid etter ankomsten til Gaustad. Allereie sommaren 1956 måla han både landskap og sjukehusmiljø. Som Van Gogh og Munch, arbeidde han mest i dei gode periodane under opphaldet , og ikkje i dei mest kaotiske og vanskelege stundene.

Gjesme var ein etablert kunstnar som vart psykisk sjuk og fortsatte karrieren sin etter innleggelsen. Kunsten hans fortel historia om ei verd vi ikkje ser lenger, med store lukka instutisjonar. Gaustad har endra seg. Det finst til dømes ikkje lenger flott natur rundt, slik vi ser i kunsten til Gjesme. Det heilheitlege bilete av livet på ein slik plass er vekke.

Landskapsmaleri av åker, eplehage, låve, skog.
Landskapet rundt Gaustad Sjukehus måla av Hans Gjesme.

Frå 1950 til 2025

Historia om Hans Gjesme viser korleis tilbodet innan psykisk helsevern har endra seg over tid, og kan gi innsikt i korleis forståing og behandling av psykiske lidingar har utvikla seg sidan 1950-talet. I dag snakkar vi om å sikre tryggleik og forståing, men på 1950-talet var psykisk sjukdom forbunde med både frykt, tabu. Gjesme vart møtt med elektrosjokk, tung medisinering og isolasjon.

Det er umogleg å vite korleis livet til Gjesme hadde utvikla seg dersom han fekk psykisk helsehjelp slik vi kjenner ho i dag. Samtidig kan det vere nyttig å reflektere over korleis behandlingstilnærmingar har endra seg sidan 1950-talet. I vår tid legg ein større vekt på individuell oppfølging.

Teikning av svart fugl som kastar skugger over Gaustad sjukehus.
Her har Gjesme skildra ein svart fugl som kastar skugge over Gaustad. Gjesme meinte at fugelen var sendt frå noko han kalla fjernhypotisøren.

Frå institusjon til innsikt

Når vi i dag ser på Gjesme sine bilete frå Gaustad, ser vi meir enn berre kunst. Vi ser spor av ei tid, ein stad og eit menneske i eit system i endring. Vi kan ikkje vite kva Gjesme sjølv meinte med bileta, men dei gir oss moglegheit til refleksjon: Korleis såg kvardagen ut for pasientar på den tida? Kva fekk dei vere med på?

Årets tema for Verdensdagen for psykisk helse «Vi treng å styrke vår psykiske beredskap» handlar nettopp om dette: korleis vi kan førebu oss på livskriser, og korleis vi kan støtte kvarandre når det røyner på. Psykisk beredskap er ikkje berre eit ansvar for helsevesenet, men for heile samfunnet. Det handlar om å vere rusta til å møte det uventa, og om å ha system og relasjonar som fangar opp, støttar og styrkar.

Gjesme sin kunst frå Gaustad-perioden gir oss eit sjeldan innblikk i korleis det er å leve med psykisk sjukdom i eit system som ikkje ser deg. Men han viser oss også at det finst verdi og uttrykk sjølv i dei mørkaste periodane. Difor må vi snakke om det, stille det ut, og lære av det.

Les fleire nyheiter

Sjå alle