– Når ting i historia er lite dokumentert, er det ein motivasjon for museet å ta tak i det, seier museumsleiar Anne Kristin Moe Fitje ved Nordfjord Folkemuseum.
Ho har samla dei få gjenstandane Nordfjord Folkemuseum har, som vitnar om pelsdyrnæringa i regionen. Ovanfor held ho opp ein kep av sølvrev.
Saman med kollegaer frå sju andre museum er ho alt djupt inne i historia til oppdrett av pelsdyr i Norge. Etter at dei siste pelsdyrgardane vart lagt ned, viste det seg nemleg at det er svært lite dokumentasjon frå denne næringa på museum i Norge, og dermed lite kunnskap om ein ikkje ubetydeleg del av norsk historie. No er musea godt i gang med å samle inn gjenstandar, dokumentere fakta – forske – for så å skrive historia til pelsdyrnæringa.
Vi lære om butilhøva
– Problemstillinga mi er å sjå nærare på butilhøva og levevilkåra for pelsdyra. Korleis det har utvikla seg frå 1920 til 2020, frå innhegningar til ulike typar bur, seier ho.
I 1936 var det registrert 2952 gardar berre i Sogn og Fjordane som dreiv med pelsdyravl, nasjonale tal kan ha nådd oppunder 20 000 på det høgaste. Likevel er det som finst av finst av litteratur typisk pelsdyrorganisasjonane sine jubileumsskrift. Bransjen si skildring av eiga historie. Det finst også kritiske dyrestudiar og forsking med eit aktivistisk perspektiv. Utgjevinga dei åtte musea samarbeider om, vert ikkje festskrift eller aktivisme, men uavhengig forsking, trass i at Norsk Pelsdyralslag er med og finansierer utgjevinga.
– Det er dei godt inneforstått med. Vi skal sjå på pelsdyrnæringa frå ulike sider og skildre den mest mogeleg nøytralt, så godt vi kan, seier Anne Kristin Moe Fitje.
Går grundig til verks
Så korleis går dei fram for å utvikle ny kunnskap og skrive historie? Det byrjar med å finne og lese relevant bakgrunnslitteratur som "Man and the natural world" av Keith Thomas, om korleis vårt forhold til dyr har endra seg, frå jegerkultur til husdyrbruk og jordbrukarkultur og industrialiseringa av jordbruket. Å sette seg inn i framvekst av dyrevelferd, og korleis teologien har påverka dyrehaldet er også aktuelt. Men så handlar det om faktiske, historiske kjelder.
– Eg skal besøke Statsarkivet igjen og lese i Landbruksdepartementet sine protokollar om kva rolle Nordfjord har spelt i pelsdyrnæringa si historie, seier ho.
Tidlegare har ho funne eit brev som kring 40 Nordfjordbønder skreiv til departementet i 1925. Truleg som dei første i landet, skreiv dei at det var viktig å få næringa inn i organiserte former. Det var så mange som byrja, at dei meinte ein måtte ha orden på avlslinja så dei fekk gode dyr. Og dei ønskte seg ei samling om kunnskap om drifta. Resultatet kom i 1926, med opprettinga av Norges sølvrevalslag. I 1928 kom den første boka, "Håndbok i opdret av pelsdyr" av Sigvald Salvesen. Den inneheldt mellom anna teikningar og forslag til bur.
Leitar etter bilete, gjenstandar og historiar
– Så ønskjer eg også å studere gamle foto. Difor ønskjer ho å komme i kontakt med privatpersonar, i tillegg til fylkesarkivet og andre fotoarkiv som har bilete frå pelsdyrnæringa, seier ho.
Så vert perspektivet til bøndene som dreiv gardane viktig å få med seg. Ho ønskjer difor å intervjue folk som har drive sjølv. Snakke med dei om buforhold og synet på dyr og dyrehald. Korleis meinte oppdrettarane at dyra burde ha det? Kvifor valde dei dei ulike løysingane? Kva var praktisk best, kva med arbeidsmiljøet?
Til slutt så er det gjenstandane. Museet ønskjer å samle inn og dokumentere fleire gjenstandar, slik at dei også kan ha ei utstilling.
– Også her ønskjer vi å komme i kontakt med folk som har gjenstandar knytt til næringa, og ikkje minst kan sei noko om til kva og korleis dei har vore brukt. Vi er svært interessert i alt som har med næringa å gjere bur, tenger, band, reiskap brukt til slakting og pelsing heime på garden. Den store drøymen vår er å kunne sette opp ein revegard på museumsområdet, helst frå mellomkrigstida. Men det krev eit omfattande arbeid å finne nokon som kan vere aktuelle, også krev det finansiering, seier ho.
Har du gjenstandar frå pelsdyroppdrett museet kan ta inn i samlinga eller låne, foto eller eigne erfaringar du vil dele? Kontakt gjerne Nordfjord Folkemuseum og avtal ei samtale. Send ein e-post til museumsleiar Anne Kristin Moe Fitje, annmoe@misf.no.
Utstilling og formidling i 2027
Når utstillinga opnar i 2027, vil dei bli fleire føredrag og undervisingsopplegg for skular. I utstillinga og formidlinga vil museet invitere til refleksjon rundt både næring på bygdene og dyrehald.
– Historia krev at ein kjem fram til ny kunnskap, ser på gamle ting med nye blikk. Den er ikkje berre eit vedteke faktum, den må heile tida reviderast. Gjennom dette avgrensa forskingsprosjektet, er vi med å bidreg til den store historia. Som folkemuseum er vi lite interessert i kongar, overklasse og krigar, men korleis vanlege folk har levd liva sine. Eg meiner det ikkje berre er politikarar, aktivistar og organisasjonar sine stemmer som skal stå att i historia. Vi må også dra inn bonden sitt perspektiv. Kva har motivert enkeltmenneska, kva var deira perspektiv, avsluttar Anne Kristin Moe Fitje.