Musea i Sogn og Fjordane Musea i Sogn og Fjordane
Tre personar i svarte trøyer står mellom tomme hyllereolar og smiler.
Publisert 07/04/2026
Av Henning A. Hellebust

Tinghuset ferdig, dei fyller hyllene

Endeleg har Musea i Sogn og Fjordane fått eit komplett magasin for å ta vare på kulturarven vår. 1783 kvadratmeter med reolar er tilgjengeleg for kunst og gjenstandar på Tinghuset.

Gamle Ramstad Eskefabrikk i Angedalen er ferdig ombygd. Eit trygt, klimastyrt og skadedyrsikkert magasin for oppbevaring av kulturhistoriske gjenstandar og kunst frå museumssamlingane til Musea i Sogn og Fjordane. Den 10. april 2026 vert siste byggetrinn formelt innvia.  

Av dei 3900 kvadratmeterane bygget rommar, er 1783 kvadratmeter fylt med reolar av ymse slag. Resten av arealet er forskjellige spesialrom, personalområde – og ein god del korridorar. Følg arenaleiar Kristine Ness på ei omvising i filmen nedanfor!  

Første byggetrinn vart teke i bruk i februar 2024. Det inneheld sone for mottak, med undersøkings- og reingjeringsrom, varmekammer mot skadedyr, registreringsrom, fotorom, båtmagasin og eit magasin for store gjenstandar.

Fagfolka våre kom raskt i gong med å ta inn gjenstandar. Kristine Ness har med seg samlingsforvaltar Sergio Tassi og magasinforvaltar Agata Bartkiewicz. Nær 2500 ting har fått plass i hyllene så langt, etter at kvar og ein av dei har vore igjennom ein omstendeleg prosess med klargjering og registrering.

Gruppebilde av sju personar framfor ein høg reol med mange gamle ting.
Administrerande direktør Jan Heggheim hadde med seg styret i Musea i Sogn og Fjordane på omvising. Her frå magasin for store gjenstandar, som har hatt ein jamn straum av gjenstandar i to år no. Til stades frå styret: Therese Nesset, Knut Arve Helle, Siri Sandvik, Ivar Kvalen, Rune Hegrenes og Gunhild Berge Stang.

No er dei klare til å ta i bruk også undervisingsrom, publikumsmagasin, studierom med tilhøyrande magasin, konserveringsverkstad, båtgarasje, kontor, møterom, og ikkje minst: hovudmagasin for små gjenstandar og tekstil. Dette er på 525 kvadratmeter med 2000 hyllemeter åleine.

Planlagt sidan 1990-talet

Heilt sidan 1990-talet har museumssektoren i Sogn og Fjordane jobba for betre oppbevaringsforhold for dei delane av samlingane som ikkje er stilt ut. Etter mange politiske rundar og forslag, kjøpte Musea i Sogn og Fjordane den nedlagde fabrikken i Angedalen i 2017 for 12,5 millionar kroner. Finansiering for ombygging kom på plass i to etappar. Byggearbeidet tok til i 2022. Med begge byggestega har Tinghuset samla kosta 110 millionar kroner. Staten har bidratt med 58 millionar, fylkeskommunen 22 millionar og Musea i Sogn og Fjordane 30 millionar. Det er Åsen & Øvrelid AS som har stått for byggearbeidet.

Styrker forsking og tilgjengelegheit

Gjenstandane som får plass i Tinghuset no i byrjinga, kjem ofte frå overfylte lager med dårlege forhold for oppbevaring. På Tinghuset vil dei ikkje berre få klima- og skadedyr-trygge omgjevnader, dei vil bli mykje meir tilgjengelege. For det første vil kvar einaste gjenstand finnast digitalt på digitaltmuseum.no. Kven som helst kan sjå bilete og lese informasjon om gjenstandane. For det andre, får kvar gjenstand eit unikt nummer og hylleplassering. Å velje, finne og hente ut gjenstandar for både forsking og utstillingar, vil difor vere mer effektivt enn før. Sjølv om det blir litt reiseveg for mange av musea som har gjenstandar her, er dette eit stort løft for samlingsforvaltinga for alle dei lokale musea våre.   

PErsonar prøver å buksere ei gamal hesterove med store jarnhjul.
Her kjem ein leveranse frå De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum.

No kan kollegaer eller eksterne forskarar og andre interessentar, i samarbeid med staben, kunne hente ut gjenstandar frå hyllene, og bruke tid på å undersøke dei i eigne studiemagasin. På bygget er det også ein eigen konserveringsverkstad. Her kan ein klargjere gjenstandar for utstilling, ta nødvendige reparasjonar eller stoppe vidare forfall. 

Eit demokratisk prosjekt

Det ferdige Tinghuset opnar for at innbyggarane kan involvere seg i arbeidet med samlingane. Med ein eigen publikumsdel vil besøkande bli invitert til å delta i samtaler om kva og kvifor vi skal ta vare på dei ulike gjenstandane. Ein slags tingstad. Ikkje minst vil skuleklassar og andre grupper kunne besøke magasinet for å sjå korleis vi jobbar med gjenstandane.

Ikkje alt skal i Angedalen

Alle gjenstandane til Musea i Sogn og Fjordane skal ikkje til Tinghuset. Til dømes har De Heibergske Samlinger og Nordfjord Folkemuseum store magasin, som framleis vil vere i bruk. Men overfylte magasin, låvar, leigde lager og andre midlertidige lagringsplassar, er no under sakte tømming.

Tilsette på Tinghuset vil bruke tida framover til å innreie og få alt til å fungere som det skal. Ambisjonane er å opne tilbodet for publikum i 2027.

Tidslinje for Tinghuset

2026 10. april er det offisiell opning av eit ferdig magasin for kulturhistoriske gjenstandar og kunst hjå Musea i Sogn og Fjordane.

2025 18. august starta arbeidet med ferdigstilling av del to.

2024 Den 2. februar vart Tinghuset opna av kulturminister Lubna Jaffery første halvdel av magasinet.

2023 Fellesmagasinet får namnet Tinghuset.

2022 Signering av kontrakt og anleggstart med Åsen & Øverlid.

2021 Anbodsutlysing - oppgradering av fabrikkbygningen til magasin.

2019 Kulturdepartementet og Sogn og Fjordane fylkeskommune løyver til saman 60 millionar kroner til fellesmagasin i Angedalen.

2018 På grunn av manglande finansiering blir «Kløften» skrinlagt til fordel for eit fullverdig fellesmagasin i Ramstad eskefabrikk.

2017 Musea i Sogn og Fjordane kjøpte Ramstad eskefabrikk i Angeldalen for 11,8 millionar kroner for ei delt løysing med eit nedskalert «Kløften».

2015 Finansutvalet i fylkeskommunen vedtek å nedskalere «Kløften»

2011 «Kløften» vann arkitektkonkurranse som fellesmagasin i Movika. Finansiering let vente på seg i åra som kjem.

2009 Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane vert etablert.

2007 Fylkestinget i Sogn og Fjordane vedtek å ta ansvar for å realisere fellesmagasin for musea i fylket.

2007 Rapport slår fast at Musea har eit samla magasinbehov på 3000 kvadratmeter. Oppbevaringstilhøva for store deler av samlingane er for dårleg.

1998 I Sogn og Fjordane fylke sin Museumsplan 1998-2001 er etablering av sentralmagasin for alle musea tatt med som ei av dei viktigaste oppgåvene i sektoren.