Musea i Sogn og Fjordane Musea i Sogn og Fjordane
Portrett av kvinne med grått, krøllete hør, briller, eit stort smil og grå strikkegenser mellom hyllereolar med museumsgjenstandar.
Publisert 10/05/2023
Av Henning A. Hellebust

Gav fellesmagasinet namn - Tinghuset

Då Ingrid Berger i ein lunsjprat kom med ideen om å kalle det nye store fellesmagasinet for Tinghuset, vart namnekonkurransen avlyst.

– Vi sat og prata om at «Fellesmagasinet» var eit så tungt namn å sei. Så drøste vi om alternative namn. Då berre datt det inn. Tinghuset! Det var så enkelt og sjølvsagt. Det er jo det magasinet er, ting i eit hus. Det er ein litt morosam leik med ord, eg håpar namnet kan gje litt merksemd. Eg er veldig nøgd, kjekt at det vart det, seier Ingrid Berger, konservator ved Nordfjord folkemuseum.

Det er kanskje ikkje så rart at det var akkurat Ingrid Berger som kom med namnet. I snart 25 år har ho jobba med desse tinga – museumsgjenstandane. Som konservator har ho mellom anna hatt som oppgåve å rydde, organisere, drive detektivarbeid, registrere, katalogisere og plassere gjenstandar inn i det lokale magasinet – og plukke dei ut at til utstillingar og drive formidling.

Portrett av mann med grånande halvlagt hår, eit stort smil, som støttar seg til eit gjerde framfor eit museumsbygg.
Thomas Walle, avdelingsdirektør for forsking og bevaring.

– Vi planla å ha ein namnekonkurranse, men Ingrid kom oss i forkjøpet. Vi valde hennar forslag delvis fordi det har den interessante dobbelttydinga, det vekker ei form for undring. Det er eit beskrivande ord, eit hus der vi har ting. Eit «magasin» er vanskelegare å skjøne kva er, det kan ha mange andre tydingar. «Tinghuset» gjev meining for folk når dei først har knekt koden, seier Thomas Walle, som er avdelingsdirektør for forsking og bevaring ved Musea i Sogn og Fjordane.

Tinghuset er under bygging i Angedalen i Sunnfjord. Det er eit tidlegare fabrikkbygg som vert bygd om. Kostnadsramma på første fasen er på 76 millionar kroner. Etter planen skal vi byrje innflyttinga ved inngangen til 2024. Her skal titusenvis av museumsgjenstandar få optimal oppbevaring. Ikkje berre det, tinga vert no tilgjengeleg på ein annan måte.

misf/tinghuset_enkelt_arki_arkitektar-1683725493.JPG.
Omlag slik vil Tinghuset sjå ut. Illustrasjon: Arki arkitektar.

– Dobbeltheita i namnet peikar på kva Tinghuset skal vere. Vi skal legge til rette for formidling, særleg mot skuleklassar og andre. Publikum skal få ei forståing av kvifor vi tek vare på det vi gjer, og at vi gjer det på vegne av fellesskapet. Tinghuset er ein stad der vi vurderer kva som er viktig å ta vare på, eller kva som ikkje skal takst vare på. Det å vere forvaltar av kulturarven er eit demokratisk oppdrag. Å bruke ideen om tinghuset som eit tinghus, der vi opnar opp for diskusjonar om kva vi tek vare på og kvifor - det kan gje oss nokre gode ting å spele på i tanken om eit museumsmagasin som eit meir utoverretta bygg, seier Walle.

Han har stor tru på at dialog om gjenstandane og inkludering i prosessar, vil gje publikum større forståing og eigarskap til kulturarven.

Logo er ein stor M over teksten Tinghuset Musea i Sogn og Fjordane.

– Vi vil til dømes invitere til diskusjonar om kva som er viktig å ta vare på av notidas gjenstandar for framtida. Slik opnar Tinghuset opp for noko som vanlegvis kan verke veldig lukka. Samtidig tydeleggjer det at vi sit med eit mandat for å gjere desse vurderingane på vegne av fellesskapet, litt som ein dommar gjer i eit tinghus, seier Walle.

Tidslinje for fellesmagasinet

2023 Fellesmagasinet får namnet Tinghuset

2022 Signering av kontrakt og anleggstart med Åsen & Øverlid.

2021 Anbodsutlysing - oppgradering av fabrikkbygningen til magasin.

2019 Kulturdepartementet og Sogn og Fjordane fylkeskommune løyver til saman 60 millionar kroner til fellesmagasin i Angedalen.

2018 På grunn av manglande finansiering blir «Kløften» skrinlagt til fordel for eit fullverdig fellesmagasin i Ramstad eskefabrikk.

2017 Musea i Sogn og Fjordane kjøpte Ramstad eskefabrikk i Angeldalen for 11,8 millionar kroner for ei delt løysing med eit nedskalert «Kløften».

2015 Finansutvalet i fylkeskommunen vedtek å nedskalere «Kløften»

2011 «Kløften» vann arkitektkonkurranse som fellesmagasin i Movika. Finansiering let vente på seg i åra som kjem.

2009 Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane vert etablert.

2007 Fylkestinget i Sogn og Fjordane vedtek å ta ansvar for å realisere fellesmagasin for musea i fylket.

2007 Rapport slår fast at Musea har eit samla magasinbehov på 3000 kvadratmeter. Oppbevaringstilhøva for store deler av samlingane er for dårleg.

1998 I Sogn og Fjordane fylke sin Museumsplan 1998-2001 er etablering av sentralmagasin for alle musea tatt med som ei av dei viktigaste oppgåvene i sektoren.