Nordfjord Folkemuseum Nordfjord Folkemuseum
Familie på veg inn i eit støylshus i eit skogsområde. Huset har torvtak og tømmerveggar i lafta stil.

Om museumstilbodet

Kva kan du møte ved eit besøk på Nordfjord Folkemuseum?

Nordfjord Folkemuseum

På Nordfjord Folkemuseum får du ei reise i korleis menneska har levd i Nordfjord frå 1600-talet og fram til i dag. Museet har 44 historiske bygningar frå alle kantar av regionen, som er henta til Sandane. Du kan gå på oppdagelsesferd i friluftsmuseet på eiga hand, eller saman med ein guide. Vi har mange aktivitetar både ute og inne, som passar for store og små. Bli med på natursti, prøv deg tradisjonelle handarbeidsteknikkar, og du kan få teste korleis ein kardar og spinne ull med handtein og rokk.

I sommarsesongen er omvisning inkludert i inngongsbilletten. Frå 23.juni til 31.august er det daglege omvisingar i friluftsmuseet.

I kafeen får du kjøpt både sveler og is, samt kaffi og brus, heile sommaren. Kafeen og museumsbutikken følgjer museets opningstider, og du kan besøke desse utan å kjøpe inngongsbillett.

Museet har tre lokaler som viser utstillingar. Ei fast utstilling (Attåt), ei temporær utstilling (Saman) og eit lokale som blir brukt til formidlingsaktivitetar samt viser fram modellar knytt til byggeskikk og vasskraft.

Årets temporære utstilling er «Saman», og syner korleis vi menneske har budd i lag, og korleis dette har endra seg frå det gamle bondesamfunnet og fram til i dag. Utstillinga opna februar 2025, og vil stå til 2027.

Holvikejekta

I juni 2025 opna det nye verne- og formidlingsbygget til Holvikejekta, som held ope frå 1. mai til 30. september. Nordfjord Folkemuseum og Holvikejekta har felles inngongsbillett, og i perioden Holvikejekta er ope får du gratis inngang til denne ved kjøp av inngongsbillett på Nordfjord Folkemuseum.