Vi ynskjer velkomne til Jul på museet søndag 10. desember kl. 11-16! Nyt førjulstida med årets siste familiedag, og vi håpar dykk har lyst å bruke denne søndagen saman med oss på museet.
Kl. 11-16:
- Ope friluftsmuseum
- Juleverkstad ope
- Felemakarverkstaden ved Harald Kvandal held ope
Kl. 12-15: Riding med Stall Rygg
Kl. 11-15.30: Kafeen held ope
Kl. 11.30: Omvisning i julepynta hus med museumspedagog Karoline S. Eide
Kl. 12.30: Julestund i Moritsstova med Hanne B. Oftedal
Kl. 13.30: Nissetur
Kl. 14: Julestund i Moritsstova med Hanne B. Oftedal
Kl. 15: Omvisning i julepynta hus med museumspedagog Karoline S. Eide
Jul i friluftsmuseet
Opplev julepynta hus og sjå korleis utviklinga har vore dei siste 400 åra med juletradisjonar i Nordfjord.
I Otnheimsstova har er det pynta til jul slik det var på 1600-talet. I Sætastova viser vi 1700-talet, i Morritsstova viser vi tidleg 1900-tal og i Sydneshuset viser vi 1960.

Aktivitetar innandørs for store og små
Inne i kafeen er det juletema denne dagen, og det vil blant anna vere mogleg å få kjøpt graut og gløgg. Her kan du òg få lage deg tradisjonell julepynt. Det vil òg vere høve til å støype eigne julelys!

Ynskjer du å ta ein heil juledag på Sandane? På Gloppen Hotell er det familiejulebord denne dagen frå kl. 13-16! Meir informasjon om arrangementet finn du her!