– Det blei som eg håpte. Vi har fått vise fram kunstnarskapen hans med eit nytt blikk. Omtanken hans for plantar og dyr er meir relevant enn nokon sinne. Eg trur mange kan identifisere seg med det, seier Tor Martin Leknes, kurator for utstillinga «Mine henders gjerningar».
Med 6349 besøkande på Kunstmuseet i Sogn og Fjordane så langt i år, har Astrup-utstillinga bidratt til å trekke 779 skuleelevar, svært mange turistar og lokale innbyggarar til Kunstmuseet i sommar. Likevel er ikkje Astrup heile forklaringa.
Pirra nysgjerrigheita
– Vi har også opna museet med fleire aktivitetar og prøvd nye ting. For eksempel har vi hatt seks performancar ved Bjørn Venø, familieverkstader, kveldsaktivitetar og lengre opningstider. Meir har skjedd, og det har nok pirra nysgjerrigheita til fleire. Dessutan har vi hatt tett samarbeid med Førdefestivalen og Kulturnatta. Vi har også jobba meir med marknadsføring og synlegheit, og legg vekt på å få ei stemme lokalt, seier museumsleiar Mayra Henríquez ved Kunstmuseet i Sogn og Fjordane. Ho lovar enno tre nye utstillingar før året er omme.
Til saman har 36.580 personar besøkt oss hittil i år. Samanlikna med 2022 er det ei auke på 24 prosent. Tal besøkande er framleis lågare enn før koronaen. I 2019 hadde vi 40.808 innom på same tid. Dei fleste av våre tolv museum har besøksvekst. På topp er Vågsberget med 275 prosent auke og Kvernsteinsparken med 146 prosent. Kunstmuseet, Kvernsteinsparken, De Heibergske Samlinger og Norsk Reiselivsmuseum har størst auke i tal.
Når nye høgder
– Det er veldig bra, vi er på veg tilbake til der vi bør vere. Det er kjekt at fleire interesserer seg for kva vi driv med, seier administrerande direktør Jan Heggheim i Musea.
Han er spesielt nøgd med at enkelte museum er i ferd med å nå nye høgder når det gjeld gjester.
– Både Astruptunet, Sunnfjord Museum og Kunstmuseet har passert besøkstala frå 2019, men Norsk Reiselivsmuseum i Balestrand held på å komme opp på eit heilt nytt nivå, med rundt 2000 fleire besøkande enn før pandemien. Det vi opplever er resultatet av godt arbeid over tid, og det er vi veldig glade for, seier Helgheim.
Kystmuseet i Sogn og Fjordane skil seg ut med stor nedgang i tal besøkande. Forklaringa er heldigvis ikkje så dramatisk.
– I 2022 hadde vi to store samarbeid som gav mange besøkande, mellom anna Fjordsteam i Bergen. Desse har vi ikkje hatt i år. Samanliknar vi ’22 og ’23 utan desse arrangementa, har Kystmuseet ein liten auke, seier Heggheim.
Nokre utfordringar
Nokre av dei sesongopne musea klarar ikkje å dra så store publikum.
– Enkelte stader har potensiale for å utvikle seg, andre kanskje mindre. Dette må vi jobbe med, seier Helgheim, som minner om at å ta imot besøkande berre er ein del av kva Musea driv med.
– Det som er mindre synleg er alt det andre som ligg til grunn for å drive museum. Forsking, kunnskapsutvikling og samlingsforvaltning er stor del av oppdraget vårt. Det arbeidet legg også grunnlaget for formidlinga dei besøkande får ta del i når dei kjem til oss. Her skjer det mykje bra, avsluttar Helgheim.