Musea i Sogn og Fjordane Musea i Sogn og Fjordane
Publikum får gaiding framfor Holvikejekta, som står under eit skur.
Publisert 25/08/2023
Av Henning A. Hellebust

No bygger vi!

117 år etter sidan siste seglas, er Holvikejekta på Sandane eitt steg nærare å få eit nytt og moderne verne- og formidlingsbygg.

Då fristen for å legge inn anbod på å bygge den nye heimen til det historiske fartøyet gjekk ut 24. august, låg det tilbod frå tre entreprenørar i «innboksen».  

– Det blir bygging. Anboda er innanfor det vi har kalkulert med. Så vil forhandlingane med tilbydaren avgjere korleis dette blir til slutt, seier administrerande direktør Jan Heggheim i Musea i Sogn og Fjordane.

Holvikejekta er den einaste i sitt slag. Film ved Rakkar.

Det har vore mange skjær i sjøen undervegs. Det siste var då Musea måtte avlyse anbodsrunda i februar, grunna stor prisvekst. Trass i at Musea la to millionar ekstra kroner i potten, var det langt unna tilboda som kom. Men, både Gloppen kommune, Vestland fylkeskommune og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane stilte opp med til saman 10,5 millionar nye kroner. Og no, etter ei ny anbodsrunde, kan arbeidet byrje. Kalkylen er på 44,7 millionar kroner.

Sommarsesongen 2025

– Endeleg kan vi lukke ei over 100 år gamal sak og gjort ferdig eit viktig anlegg. Det gjev oss høve til å ta vare på denne viktige delen av kulturarven vår og presentere jekta slik den fortener, seier Heggheim.

Ein smilande Jan Heggheim framfor gamle museumsbygningar med torvtak.
Jan Heggheim.

Så snart ei avtale med ein av tilbydarane er klar, vil arbeidet gå i gang. Med ei byggetid på elleve månader, er ambisjonen ei ferdigstilling av bygget seinsommar eller haust 2024. Akkurat når Nordfjord folkemuseum kan sleppe inn dei første gjestene er ikkje heilt klart enno.

– Sommarsesongen 2025 blir den første vanlege driftssesongen, men folk skal få komme inn før det. No jobbar vi med å få auka løyvingane til drifta av det nye bygget, seier Heggheim.   

Letta pådrivar

Museumsleiar Anne Kristine Moe ved Nordfjord folkemuseum har vore pådrivar for prosjektet i mange år.

En-de-leg, med utropsteikn! Det har gått lang tid med mange nesten-sigrar. Dette er ei forløysing – no skjer det faktisk. Det er ei slik utruleg lette. No vert Holvikejekta bevart for framtida, og vi kan gje publikum mogelegheit til å få oppleve den store verdien den har, seier ho.

Museumsleiar Anne Kristine Moe smiler med Holvikejekta i bakgrunnen.
Anne Kristin Moe framfor Holvikejekta. Arkivfoto.

Ho reknar Holvikejekta som diamanten i samlinga ved Nordfjord folkemuseum – det er den største og viktigaste gjenstanden dei har – og no får dei tatt vare på den. Bygget vil også gje eit heilt anna formidlingstilbod til publikum, både innhaldsmessig og praktisk med gode, universelt utforma lokale.

– Eg vil sei at dette er godt nytt for glopparen, som kjenner jekta godt, men også for vestlendingen. Jekta er ein viktig del av historia og identiteten vår som har vore ganske usynleg, fordi det er så få jekter att. No kjem den til å bli synleg att. I tillegg til at det også er godt nytt for fartøyvern og spesielt interesserte, trur eg det er godt nytt for Gloppen og Sandane som reisemål. Med dette tilbodet vil folk vil komme hit for å sjå Holvikejekta, seier Moe.

Skisse av eit spisst bygg med store vindauge ved fjorden.
Om lag slik vil bygget sjå ut.
Illustrasjon av bygget i strandkanten.
Om lag slik vil bygget sjå ut.

Av fleire hundre jekter over ein periode på fleire hundre år, er Holvikejekta den einaste attlevande av dei store klinkbygde jektene i original stand. Den vart bygd i 1881 og sett på land på Sandane i 1906. Det nye verne- og formidlingsbygget skal reisast same stad som jekta har stått sidan då.