Musea i Sogn og Fjordane Musea i Sogn og Fjordane
Ei vaksen kvinne og ei jente studerer eit abstrakt måleri i kvitt, blått og svart.
Publisert 15/12/2023
Av Henning A. Hellebust

Eitt årskort til tolv museum

Viss du ønskjer å bli kjend med kulturarven i Sogn og Fjordane vil eit årskort hjå oss gje inngang til alle musea våre eit heilt år. Hjå oss står læringsopplevingar i kø.

Vinterferiedagar for familien, løyse påskekrim i gamledagar, ta del i slåttonn, vere der når vi opnar nye utstillingar og presenterer heilt ny kunnskap, ei stille stund eller førjulskos. Vi er musea mellom fjord og fjell. Vi er her for deg og dine.

Ein gut legg nyslått gras på ei hesje i kulturlandskapet.
Både Sunnfjord Museum og De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum inviterer til slåttonn.

Vårt høgaste ønskje er at flest mogeleg skal få anledning til å bli kjend med kulturarven vi tek vare på i Musea i Sogn og Fjordane. Difor har vi laga eit årskort som gjeld alle tolv museum. Frå det fjerde besøket sparer du pengar. Det er ingen avgrensingar på kor ofte du kan besøke oss. Og ungar - dei kjem inn gratis.

Musea våre

Sjå alle

Kjenner du til føremålet vårt? Det å drive museum inneber å samle inn gjenstandar som har kunst- eller kulturhistorisk verdi. Vi skal dokumentere og ta vare på samlingane, men også handbåren kunnskap og tradisjonar. Så skal vi drive forsking på dette. Til slutt, det som er mest synleg for deg, vi skal drive formidling. Vise fram gjenstandane og resultatet av forskinga – drive formidling

Ein museumsvert viser fram eit historisk dukketeater, to små jenter ser på.
Kvar du enn fer, vil du møte på våre kunnskapsrike museumsvertar eller sommarvertar. Her frå omvising på Vågsberget i Måløy.

Når du besøker oss, vil du møte mange typar formidling. Det kan vere omvisingar, aktivitetar, kurs, utstillingar, friluftsmuseum. Noko kan du gjere på eiga hand, andre tilbod står pedagogane, konservatorane, handverkarane eller andre dyktige museumsfolk for.

Opplevingar i musea

Sjå alle

Sogn og Fjordane er ei stort område. Kanskje er du kjend, kanskje er du ukjend. Inn mellom fjord i fjell finn du musea våre spreidd rundt. Frå Florø og Hyllestad i vest, Førde og Jølster i midten, Sandane i Nord og Balestrand, Kaupanger og Lærdal aust i Sogn. Med eit årskort kan du ta runda og gjere museumsstopp og få masse kunnskap om det området du besøker.

misf/grafikk/misf_kart_2022.svg.
Trykk på kartet for å navigere til musea.

Det er sjølvsagt gratis å besøke kafeane og museumsbutikkane våre, men vi må nemne at på reisa rundt i Sogn og Fjordane vil du ved dei fleste musea våre kunne ete noko godt og finne spennande varer, ofte lokalproduserte, til deg sjølv eller nokon du er glad i.

Aller sist vil vi komme med eit tips. For å få det beste ut av besøka til oss, anbefalar vi å trykke deg inn på ein knapp på det enkelte museum der det står "Planlegg besøket ditt". Her vil du finne opningstider, billettprisar (om du ikkje har årskort), informasjon for rørslehemma, parkering og meir. På nettsidene kan du også studere det enkelte museum sine opplevingar. Sett av god tid - og er det omvising tilgjengeleg - takk ja! Då får du størst utbyte.

Vel møtt på museum!