– Det gamle slaktehuset skal vekk for å gje plass til det nye verne- og visningsbygget til Holvikejekta, seier prosjektleiar Øyvind Tåsåsen ved Musea i Sogn og Fjordane.
Arbeidet med å rydde tomta og gjennomføre grunnundersøkingar er godt i gang, og den 30. november lyser Musea ut ein anbodskonkurranse om å bygge det nye praktbygget.
Eineståande bygg for eineståande båt
– Her får entreprenør mogelegheit til å vere med å bygge eit bygg til ein eineståande gjenstand. Holvikejekta er omtalt som ei sjøens stavkyrkje og er ein del av våre nasjonale kulturarv, seier Tåsåsen.
Båten er den einaste attlevande store klinkbygde jekta som er att i original stand. Av fleire hundre jekter som gjekk langs norskekysten i fleire hundre år, er dette den einaste bevarte. Den vart bygd i 1881 og sett på land i 1906.
I dag står jekta under tak, men utsett for vêr og vind. Den skal halde fram med å stå der den står, men inni eit bygg med ei grunnflate på 630 kvadratmeter, spesialbygd for å ta vare på den for framtida, og for å vise den fram for publikum. Jekta skal også hevast over høgste nivå for stormflo og framtidig havnivåstiging.
Ferdig sommaren 2024
– No skal vi ta vare på jekta i eit klimastyrt miljø, som betyr at vi har kontroll på temperatur og luftfuktigheit, seier Tåsåsen.
Bygget vil også skilje seg ut på utsida. Det vil bli i heiltre, og tak og veggar skal dekkast med tjærebredd kløyvd spon, nærast som taket på ei stavkyrkje. Uteområdet vil bli oppgradert med strandeng og promenade ned mot fjorden.
Fristen for å sende inn anbod er 1. februar. Dersom alt går etter planen, vert byggestart våren 2023, og bygget vil bli ferdig forsommaren 2024.