– Eg tykkjer det er leit, fordi dette har vore jobba med i lang tid, og vi trudde vi nærma oss mål. Mange har venta på dette, seier museumsleiar Anne Kristin Moe ved Nordfjord folkemuseum, som har fartøyet i si samling.
Budsjettet for bygget er på 33,8 millionar kroner. Lågaste anbod var på 40,5 millionar kroner. Når ein legg til byggherrekostnad og tryggleiksmargin, gjev det ei prosjektkalkyle på 49,5 millionar. Det gjev eit gap på finansiering på 15,7 millionar kroner. Det betyr at prosjektet må utsetjast medan ein ser etter løysingar på å justere bygget og finne meir finansiering.
Forsterkar forfallet
– Jekta har det ikkje bra slik den står no. Forlenging av ventetida på eit nytt bygg vil bidra til ytterlegare forfall. Det er snakk om meir ròteskader og løysing av saum, det vil sei at naglane som held fartøyet saman, rustar og dett ut. Kvar årstid som går, tel, seier ho.
Arbeidet med å gå over prosjektet og snu alle steinar etter mogelege innsparingar er i gang. Kor lang tid det vil ta før bygginga kan starte no, er for tidleg å sei.
– Det vil bli utsett oppstart. Vi ser på mogelegheiter for å redusere bygget og likevel oppfylle dei hovudkrava det skal ha, nemleg å vere både eit bevarings- og eit formidlingspersbygg. Det vil vere veldig trist viss det stoppar opp no, når vi var så nære, seier ho.
På leit etter meir pengar
Musea i Sogn og Fjordane vil no jobbe med offentlege og private aktørar for å søke tilleggsfinansiering. Resultatet av det er uføreseieleg, og søknadsfristar i seg sjølv er grunnlag for forseinking
– Vi var merksame på at dette kom til å bli krevjande, hovudsakeleg på grunn av den prisstigninga vi har hatt sidan kalkylen for bygget vart utarbeidd. No jobbar vi med å finne løysingar. Det viktige er å få sagt at bygget skal opp, seier administerande direktør Jan Heggheim i Musea i Sogn og Fjordane.
Holvikejekta er det einaste attlevande av dei store klinkbygde jektene i original stand. Av fleire hundre jekter som gjekk langs norskekysten i fleire hundre år, er dette den einaste bevarte. Den vart bygd i 1881 og sett på land i 1906.