Musea i Sogn og Fjordane Musea i Sogn og Fjordane
Gamal trebåt under eit tak med kvitmåla, avkutta akterstamn. Under ein blå himmel i solnedgang ved fjorden.
Publisert 09/05/2023
Av Henning A. Hellebust

Holvikejekta: redninga er på veg

To millionar kroner er truleg på veg med revidert nasjonalbudsjett for 2023. Nyleg løyvde Gloppen kommune 2,5 millionar kroner ekstra. Realiseringa av verne- og formidlingsbygg til Holvikejekta nærmar seg.

– Dette er godt nytt. No har både regjering og kommune gått inn med løyvingane vi er heilt avhengige av for å dra prosjektet med nytt verne- og formidlingsbygg til Holvikejekta i land. Vi ventar i spenning på responsen frå fylkeskommunen og private aktørar vi er i dialog med, seier Jan Heggheim, administrerande direktør ved Musea i Sogn og Fjordane.

Måtte avlyse anbod

Ikkje heilt uventa, men likevel ein stor skuffelse. I februar måtte Musea i Sogn og Fjordane avlyse anbodet på nytt verne- og formidlingsbygg. Prisstigninga gjorde til at dei løyvde midlane ikkje strakk til for å betale det planlagde verne- og formidlingsbygget til Holvikejekta.

Lågaste anbod var langt over dei løyvde midlane på 33,8 millionar kroner. Bygget hadde eit finansieringsgap på 15,7 millionar kroner. Sidan den gong har vi gått igjennom prosjektet og funne stader å kutte kostnader, mellom anna gjennom endra materialbruk. Finansieringsgapet er no på 10,5 millionar kroner. 4,5 millionar kroner av dette er no i boks.

Holvikejekta sett undanifrå. Den er støtta opp av mange titals jernstag.

Einaste i sitt slag

Det hastar for Holvikejekta. Kvar månad som går, forsterkar forfallet. Samtidig held prisstigninga fram. Vert prosjektet enno meir utsett, vil kostnadene auke ytterlegare, og ein risikerer å måtte trenge enno meir pengar.

Holvikejekta er den einaste attlevande av dei store klinkbygde jektene i original stand. Av fleire hundre jekter som gjekk langs norskekysten gjennom århundra, er dette den einaste bevarte. Den vart bygd i 1881 og sett på land i 1906.