Det står «gift» på den eine flaska. Det ser ut som ei svart gugge. Vi er i utstillinga «Sjukdomane som endra historia» ved Nordfjord folkemuseum.
– Elevane lurer ofte på om det er ekte det som er i flaskene. Og om dei brukte det i gamle dagar. Då kan vi få ein fin samtale om både fortid og notid. Det blir framleis nytta "gift" i moderne medisin, seier Fostervold.
Stort spenn i tilbodet
Ho tek stadig imot skuleklassar og barnehagar til ulike tilbod ved Nordfjord Folkemuseum. Saman med sju andre museumspedagogar står ho for tilbodet til skular og barnehagar ved dei ulike musea våre rundt i Sogn og Fjordane.
Pedagogane har sydd saman opplegg tilpassa alle trinn frå barnehage til klassar frå vidaregåande skule eller vaksenopplæring. Her er nokre smakebitar:
Ein dag i steinalderen
Ein skuledag i gamledagar
Haustarbeid på museumsgarden
Byggeskikk i Nordfjord frå 1500 fram til vår tid
Kom vi leikar – leik og fritid gjennom 150 år
Jektefart, ei livsåre
Mytiske vevar
Sex-turisme og menneskerett
Mat og folkehelse
Jul, tru og tradisjon
Museumslosen viser veg
I haust har vi samla alle undervisingsopplegga våre under ein felles paraply, Museumslosen.no. Dette er ei nettside som samlar tilbod frå fleire og fleire museum over heile landet – også digitale. Her kan lærarar og barnehagepedagogar surfe rundt og la seg inspirere, eller søke på spesifikke museum, fag, klassetrinn og meir.
Kvart tilbod har også ei oversikt over kompetansemåla, den pedagogiske gjennomføringa og elles praktisk informasjon. Så kan lærar melde seg på via eit skjema. Og – det er gratis.
Beistring og nysgjerrigheit
– Eg prøver å skape begeistring og vekke nysgjerrigheit i elevar for historia – som i stort monn handlar om deira forfedre og formødre. Skape ein type eigarskapskjensle til historia og museet, seier Fostervold.
Akkurat kva elevane gjer på dei ulike tilboda varierer stort. Noko kan vere klasseromsundervising, men mykje handlar om å bruke sansane, bruke kroppen og reflektere.
– Det er viktig å ikkje berre lære historie, men at dei også lærer om seg sjølv. Refleksjonar og kjensler er ein viktig del av museumsbesøket.
Nokon av tilboda inneheld praktiske oppgåver. Til dømes å lafte bygg.
– Elevar som ikkje er så sterke på teoretiske fag, kan få brynt seg på andre måtar her. Vi får tilbakemelding frå lærarar om at til dømes laftinga har vore bra, at elevar som normalt ikkje er aktive, hiv seg rundt. At dei også får ei skikkeleg meistringsoppleving, seier Fostervold.
Kjerneoppgåve for musea
Mellom anna ved å bygge opp ein stab med museumspedagogar fordelt rundt på musea, satsar Musea i Sogn og Fjordane systematisk på å gje barn og unge eit supplement til skulane.
– Som læringsarena er musea med og sikre oppveksande generasjonar tilgang til og nærkontakt med kulturarven vår. Museumsbesøket gjev minnerike opplevingar og eit annleis læringsmiljø, og dei pedagogiske formidlingsopplegga våre er i stor grad knytt opp mot læremåla i skulen, seier Synnøve Bjørset, avdelingsdirektør for kulturhistorie.
– Vi ynskjer å supplere utdanninga barn og unge får i skulekvardagen, gjennom opplevingar som formar og gjev grobotn for vidare utforsking og vitebegjær. Formidling av kulturarv og historieforteljing er ei av kjerneoppgåvene våre, og vi ynskjer å legge best mogleg til rette for at lærarar kan ta med sine elevar til våre museum for å ta del i dette, seier Tor Martin Leknes, avdelingsdirektør for kunst i Musea i Sogn og Fjordane.