I dag banka fylkesordførar Jon Askeland gjennom det siste og avgjerande vedtaket for å sikre pengar til bygging av nytt bygg til Holvikejekta. Vestland fylkeskommune la 2,5 millionar kroner på bordet. Frå før har Gloppen kommune innvilga same beløp, Kulturdepartementet to millionar kroner i Revidert nasjonalbudsjett og seinast i går bestemte Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane seg for å gje 1,5 millionar kroner. Musea aukar også sin eigenandel i prosjektet med 2,1 millionar kroner.
– Vi er alle svært letta og takksame over vedtaka. Det er ein meir enn 100 år gammal plan som endeleg kan gjennomførast. Holvikejekta er ein juvel som må pussast, no kan vi endeleg gi jekta den status ho fortener, seier administrerande direktør Han Heggheim i Musea i Sogn og Fjordane.
I februar måtte Musea avlyse anbodet på nytt verne- og formidlingsbygg til Holvikejekta, fordi anboda var mykje dyrare enn vi hadde sikra finansiering til. Med lågaste anbod mangla vi 15,7 millionar kroner.

Ved å gå igjennom heile prosjektet på nytt, har prosjektleiinga klart å finne kostnadsreduserande tiltak på 3,6 millionar kroner, ved til dømes å endre materialbruken. Prosjektkalkyla er dermed redusert til 44,7 millionar kroner. Med alle bidraga er gapet på 10,6 millionar kroner dermed tetta, og eit nytt anbod kan lysast ut.
Anbodsopning i august
– Vi vil sende ut nye anbodsdokument innan ei veke, og reknar med anbodsopning i august. Både lågare råvareprisar og lågare aktivitet i byggenæringane gjer at vi er optimistiske, seier Heggheim.
Det var stor skuffelse hjå mange då det synte seg at eksisterande finansiering ikkje strakk til. Sidan har det har blitt jobba hardt mellom anna ved å synleggjere kor viktig det er å ta skikkeleg vare på Holvikejekta, og kor mykje det hastar.
– Her er mange bidragsytarar, og vi takkar alle! Av våre eigne vil eg særleg trekke fram museumsleiar ved Nordfjord Folkemuseum, Anne Kristin Moe. Ho har gjort ein formidabel innsats gjennom fleire år, seier Heggheim.
Opning hausten 2024
Byggetida er sett til elleve månader. Det betyr at ei opning kan skje tidlegast hausten 2024.

Av fleire hundre jekter over ein periode på fleire hundre år, er Holvikejekta den einaste attlevande av dei store klinkbygde jektene i original stand. Den vart bygd i 1881 og sett på land på Sandane i 1906. Det nye verne- og formidlingsbygget skal reisast same stad som jekta har stått sidan då.