Musea i Sogn og Fjordane Musea i Sogn og Fjordane
Jekta er godt skjult bak presenning.
Publisert 14/11/2023
Av Henning A. Hellebust

Ventar på avklaringar før byggestart

Fleire svar om grunnforholda og byggeløyve må på plass før bygginga av nytt verne- og formidlingsbygg for Holvikejekta kan byrje.

Etter at avtala med Veidekke om bygging av ny "heim" til Holvikejekta ved Nordfjord folkemuseum på Sandane vart signert i september, er prosjektgruppa i gong med det siste plan- og søknadsarbeidet før byggestart.

Må ta omsyn til kvikkleire

I byggesøknaden er det krav om såkalla områdestabilisering. Det betyr at ein går tyngre inn i datagrunnlaget ein alt har skaffa seg for å avklare byggeforholda. Dessutan må ein innhente informasjon om grunnforholda i sjøkanten. Det betyr at ein må få innsyn i konfidensielle kart hjå forsvaret. Grunnundersøkingane Musea i Sogn og Fjordane fekk gjort av tomta i 2022, avslørte kvikkleire i grunnen. Samla skal dette gje eit grunnlag for korleis ein kan bygge trygt på tomta.

Fronten av jekta syner så vidt over presenninga.
Jekta syner så vidt, der den er plassert bak presenningar i ein rubbhall.

Arbeidet med områdestabilisering kunne starta tidlegare, men med ein kostnad på fleire hundre tusen kroner, var ikkje det ein risiko ein ønskte å ta før finansieringa var trygg og avtale med entreprenør var signert. Prosjektleiar Øyvind Tåsåsen håpar å vere klar til å sende byggesøknad til kommunen i midten av desember.

Tre månader sakshandsaming

Søknaden vil først bli handsama av kommunen, men skal også vidare både til NVE og Fylkeskommunen. Det kan ta opp til tre månader før den er ferdig. Det betyr at byggestart kan bli i mars. Byggetid er rekna til elleve månader. Slik det ser ut no, kan ei overlevering av bygget frå entreprenør altså skje utpå nyåret 2025.

Av fleire hundre jekter som vart bygd over ein periode på fleire hundre år, er Holvikejekta den einaste attlevande av dei store klinkbygde jektene i original stand. Den vart bygd i 1881 og sett på land på Sandane i 1906. Det nye verne- og formidlingsbygget skal reisast same stad som jekta har stått sidan då.