Oppdelinga mellom natur og kultur står sentralt i den moderne vestlege forståinga av verda. Det skarpe skiljet mellom det som er bestemt av naturen og det som er skapt av menneska pregar mange ulike fagdisiplinar, kunnskapspraksisar og institusjonar – slik som musea. I museumssektoren skil ein mellom naturhistoriske og kunst- og kulturhistoriske museum, som i sin tur påverkar korleis ein forvaltar, formidlar og forskar på samlingane.
NAMUS skal utforske korleis den moderne forståinga av verda kjem til uttrykk i praksis og kva konsekvensar den moderne todelinga av verda har for musea i den antropocene tidsalder der naturhistorie og kulturhistorie blir stendig tettare vovne i hop og innbyrdes påverkar kvarandre. Med utgangspunkt i musea i Vestland fylke skal NAMUS undersøkje kva slags alternative tenkjemåtar og praksisar som finst i dette museumslandskapet i form av kystkultur, båtbygging og bygningsmiljø frå både før og under industrialderen.
Forskingsspørsmåla i NAMUS er:
Korleis blir forståing av tid i musea påverka av ulike faglege perspektiv, og på kva måte heng slike skilnader saman med ulike syn på tilhøvet mellom natur og kultur?
Korleis blir måtar å forstå natur og kultur på praktisert av museumstilsette og forskarar på tradisjonshandverk og korleis blir natur- og kulturkunnskap vovne saman i kulturelle praksisar?
På kva måte kjem ulike måtar å forstå tid på til uttrykk i kulturmiljøa musea er ein del av og korleis blir oppfatninga av fortid, nåtid og framtid praktisert innanfor dei museumsinstitusjonane dei er ein del av
Korleis navigerer musea mellom det å auke medvitet i samfunnet om menneskeskapt øydelegging av miljøet på den eine sida, og det å presentere resultata av menneskeleg aktivitet som høgt verdsett kulturarv på den andre sida?
NAMUS skal utvikle kompetansen mellom museumstilsette, styrke samarbeidet mellom musea og UH-sektoren gjennom å løfte fram dei mest påtrengande spørsmåla i vår tid i vitskaplege fora og overfor allmenta.
Samarbeid mellom museum og universitet
Museum Vest, Hardanger og Voss museum og Universitetet i Bergen sitt institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap deltek i prosjektet saman med Musea i Sogn og Fjordane. Det startar i 2026 og varer i tre år. Norges forskningsråd støttar med seks millionar kroner.