Musea i Sogn og Fjordane Musea i Sogn og Fjordane
Museumspedagog viser fram ei gamal smørkanne i ei tømmerstove.

Ønskjer du å komme på studiebesøk?

Vi legg til rette for at også samlingane som ikkje er i utstilling, skal vere tilgjengeleg for publikum. Er du privatperson, student eller forskar, kan du søke om tilgang ved å fylle ut skjemaet nedanfor.

Trass skiftande og faste utstillingar vert store delar av samlinga vår bevart på magasin. Dersom du har eit ønskje om å sjå bestemte delar av samlinga, kan du søke tilgang via skjemaet nedanfor.

Dette er eit tilbod for privatpersonar, forskarar eller andre prosjekt. Vi gjer merksam på at ikkje alle gjenstandar vil vere tilgjengeleg til ei kvar tid.

Før du fyller ut skjemaet, oppmodar vi deg om å søke etter gjenstandar du er interessert i på Digitalt museum. Les her kva du kan søke etter og korleis.

Fyll ut skjemaet nedanfor!

Hei!
Takk for førespurnaden. Vi har motteke skjemaet og vil handsame det så fort vi kan, og innan ein månad. I feriar eller ved særskilte saker, kan det ta lenger tid. Kopi av skjema er sendt til e-postadressa du har oppgitt. Sjekk søppelpost om du ikkje finn det i innboks.

Beste helsing
Avdeling for forsking og bevaring ved
Musea i Sogn og Fjordane

Skjemaet inneheld feil. Sjå nedanfor.