Bunad, gákti (kofte) og folkedrakter kan skape steke kjensler av tilhøyrighet og stolhet, men også av utanforskap, skam og sinne. I utstillinga Skakke folkedrakter har seks samtidskunstnarar arbeid med tradisjonsuttrykk saman med tradisjonshandverkarar og kunnskapsberarar. Det er ei draktutstilling, der drakter ikkje er drakter, men symbol og idear som har forma vår tid, sjølvforståing og historie.
Kunstartane Márjá Karlsen, Harald Beharie, Rafiki, Lin Wang, Håvard Kranstad og Christian Blandhoel har blitt invitert til invitert til å utforske og utfordre draktskikkar, identitet og håndverkstradisjoner. Saman med tradisjonsberarar har har dei skapt nye og eigne uttrykk med fotografi, vev, perlearbeid, porselen, installasjoner, instrument, dans med meir. Du kan lese, sjå og høyre meir om verka på Nasjonalmuseet sine sider.
Utstillinga Skakke Folkedrakter er ei kunstutstilling. Ho er likevel full av kulturhistorie. Både gjennom tradisjonshandverket som er grunnlaget for mange av verka, men også gjennom spørsmåla utstillinga løftar opp, om symbolbruk og tradisjon. Om dei som er, og har vore ein del av eit felleskap, og dei som ikkje har vore det. Nokre av spørsmål løfta museumsleiar Marie Nicolaisen opp i ein kronikk i Firda 16. mai.
Utstillinga opnar på Sunnfjord Museum 19. november 2023 og vil stå til 27. mars 2024. Som del av utstillinga tilbyr vi undervisingstilbod til ungdomsskule og vidaregåande. Vi planlegg også fleire arrangement som vil løfte spørsmåla som blir stilt i utstillinga.
Skakke folkedrakter er ei turneutstilling frå Nasjonalmuseet. Prosjektet blei starta opp i samband med Skeivt kulturår 2022. Utstillingen er utvikla av Nasjonalmuseet i samarbeid med Norsk Institutt for Bunad og Folkedrakt, og fleire museum og visningsstader over heile landet. Fram til hausten 2025 skal utstillinga visast over heile Noreg og Sápmi.