Ein av desse er 16 år gamle Vilde Nena Aarseth. På messa 9.-10. september kan du kjøpe kjøkenutstyr i tre frå ho. Vilde har arbeid med tre sidan ho var liten, og vore med far og bestefar sin familieverkstaden i kunstbygda Vevring. 10 år gamal vann ho Noregs Husflidslag sin nasjonale sløydkonkurranse for grunnskulebarn.
Til dagleg går Vilde andre året på Kunst, design og arkitektur på Førde vidaregåande skule. I tillegg til tremateriale arbeider ho med sying, strikking, hekling, veving, og gravering i glas. Etter vidaregåande er planen Kunsthøgskulen i Bergen for å bli interiørarkitekt som oldefaren, eller å jobbe i familiebedrifta Spesialdesign.
I arbeidet sitt er Vilde opptatt av at produkta skal vare lenge, og blir brukt: «Eg har stort fokus på funksjonalitet og fleirbruk som du kan sjå igjen i designet i produkta. Eg likar at produkta har ein rein fasong og kan minne om nordisk design.»
Vilde er ikkje den einaste av den yngre garde som kjem på årets messe. Engel Tansøy Eikås frå Vassenden, som går i same klasse som Vilde, kjem også med eigeprodusert arbeid. Frå Hafslo kjem smed Even Kvåle Sanden. Sundag 10. september kan du både sjå han i arbeid og kjøpe heimesmidde varer frå han.
Marit Andersen, som er ansvarlig for Ung Husflid i Midtre Sunnfjord Husflidslag, er storfornøgd med at det er fleire unge utstillarar på messa i år, og meiner det er viktig at dei får vise seg fram: «Det er flott og viktig at ungdom får sleppe til på sine eigne premiss. At dei får leike seg med teknikkar og prøve ut materiale, tradisjonelle som utradisjonelle. Vi må ikkje vera så opphengt i korleis vi «gamle» i gamet meiner det skal vera. Å finne gleda i å lage ting trur eg vekker nysgjerrigheit og er vegen for at tradisjonelle teknikkar skal få leve vidare.»
På årets messe kan du treffe 20 utstillarar. I tillegg til tre- og metallarbeid møter du utstillarar med strikke- og vevprodukt, keramikk, glas og betong. I Halbrendhuset er det kafè med heimelaga natron- og mjølkekaker. Begge dagane er det spikkeaktivitet nede ved vatnet, og aktivitetar med ull nytt til utstillinga Livreddaren.
Randi Solberg, keramikk
Maren Erland, vevarbeid
Gunvor Berge, saum- og strikkearbeid
Asbjørg Lotsberg, strikkevarer
Hilde Buer, skinn, garn, ull, horn
Anne Britt Lotsberg, smettevev, hardangersaum, toving
Vigdis Marifjæren, lappeteknikk og strikkevarer
Anne Margrethe Seljen, lappeteknikk og strikkevarer
Marit Andersen, gjenbruk og redesign
Solfrid Vårdal, strikkevarer
Marianne Hansen, keramikk
Ruth Berit Garfors, urter, saft og andre matprodukt
Einar Nedrebø, trearbeid
Marianne Skadal, betongfigurar
Aud Hjelle, vesker, smykke, decoupage
Vilde Nena Aarseth, trearbeid med meir
Engel, Tansøy Eikås, trearbeid med meir
Alana Shanks, tiffanyglas
Leiv Sølvberg, trearbeid (har også spikkeaktivitet)
Solgerd Bakke, keramikk og bilete (Er bare på messa laurdag 9. september)
Even Kvåle Sanden, metallvarer og smidemonstrering (Er bare på messa sundag 10. september)