Sunnfjord Museum Sunnfjord Museum
sunnfjord-museum/20210708_122129.jpg.

Familiedag - Slåttedag

Tidspunkt -
Stad Sunnfjord Museum

Sommaren er her, og det er klart for nye familiedagar på Sunnfjord Museum!
På familiedagane kan du vere på aktivitetar i tunet og inne, og vi legg opp til læring og leik for heile familien.

Torsdag 6.juli kjem fjordhesthoppa «Rakne Erla» og slår med hesteslåmaskin. Graset skal vi hesje, og som besøkande er du hjartleg velkomen til å vere med å både rake og hesje.

Program:

Frå ca. kl. 11. - 16.30: Slått og hesjing: Lasse Elvetun kjem og slår med hest og slåmaskin. Etterpå treng vi hjelp til å sette opp hesjer.

Kl. 12.00 og 14.00: Familieomvisning i tunet.

Heile dagen:

  • "Bygg din eigen leikebåt" - Nede ved vatnet, til venstre mot vognhuset, finn du ein arbeidsstasjon med utstyr til å bygge leikebåt i tre.

  • Spel og leiker - stylter, ringspel og brettspel med meir. I tunet og Huus-stova.

  • Kverning av korn - i eldhuset kan du prøve å kverne korn med handkvern

  • Aktivitetar i utstillingssalen: nålefilting, karding, fletting og spinning

I utstillingssalen kan du sjå Livreddaren. Utstillinga tek føre seg treeinigheten mellom landskap, dyr og menneske. Gjennom fotografi, handverksprodukt og installasjonen Ullgloa blir du kjent både med sauen og ulla.

Det vert sal av vaflar, is, kaffi og brus.

NB! På dagar med arrangement ynskjer vi at alle som skal nytte seg av museumsområdet løyser billett.

Planlegg besøket ditt

Opningstider

1. februar — 2. juni
Tysdag til fredag 10-15.
I påskeveka har vi ope måndag 25.- onsdag 27. mars.
Vi held stengt 2.- 5. april og heilagdagane i mai.

Prisar

  • Vaksne: 120 kr
  • Honnør/Student: 90 kr
  • Born 0-17 år: Gratis
  • Gruppe (min. 15 pers)*: Ta kontakt for pris

Her er vi

Sunnfjord Museum
Jølstravegen 107
6819 Førde