Denne dagen blir det formidling om stølskultur og matkultur knytt til mjølk.
Det blir guida omvising på museumsstølen. Her har vi tre sel (stølshus), ein flor og ei høyløe som formidlar om stølskultur på 1800-talet og mot hyttekultur i nyare tid.
For å komme seg på stølen føl vi delar av den trondhjemske postveg mot Mo. Vi går på skogsveg og sti, og turen opp til stølen er kort, ca. 800 m. frå museet. Ta på gode tursko og kle deg etter været. Det blir ein varm dag - vassdunker blir plassert opp på stølen, og vi anbefaler også at du tar med eigen vassflaske.
Kl. 14.00 kan du høyre Per-Magne Bell, pensjonert gardbrukar (matprodusent) fortelle om aktiv stølsdrift på Langestølen, og stølen som ein viktig del av garden Øvre Bell.
Per-Magne har fagleg bakgrunn som agronom frå Mo og sivilagronom frå husdyrlinja på NLH. Gift med Kirsti, som også har utdanning frå NLH i plantedyrking. Per-Magne og Kirsti hadde garden Øvre Bell som eine-inntekt frå 1995 og fram til dei gav bruket til neste generasjon 1. januar 2024.

Sjå program for dagen. Med atterhald om endringar.
Kl. 11.00: Guida tur på stølen. Oppmøte rett utanfor besøksbygget. Turen tar ca. 1,5 time
Kl. 13.00: I museumstunet: Klarar vi å skilje fløyten frå mjølka? Bli med å sette saman ein mjølkeseparator. Når den er klar separerer vi mjølk.
I Halbrendshuset: Smake på mysle laga av Norunn Hornnes. Det blir også sal av rømmegraut, spekemat, flatbrød og vafler.
Kl. 14.00: I utstillingssalen: "Stølen som ein viktig del av garden Øvre Bell" v/ Per-Magne Bell.
Kl. 15.00: Guida tur på stølen. Oppmøte rett utanfor besøksbygget. Turen tar ca. 1,5 time.
I Halbrendhuset kan du smake på mylse (også kalla gombe) som er tradisjonsmat laga av mjølk. Her kan du også kjøpe deg rømmegraut og vaflar. Betaling med Vipps.
I friluftsmuseet kan du:
- klappe museumsgeitene i tunet
- kverne korn med handkvern i eldhuset
- prøve uteleikar som ringspel og stylter
- teikne, spele brettspel og nyte medbrakt niste i Huus-stova. I Huus-stova kan du også låne utstyr til å finne og studere pollinerande innsekt. Du finn liste der du kan registrere kva du finn av humler, bier og sommarfuglar.
- kikke inn i kvernhuset og stabburet.
- prøve å bære vatn med ein vassele
- lage leikebåt.

Utstilling
I utstillingssalen kan du sjå utstillinga Spelemenn og sognekjerringar: underhaldning i det norske Amerika
Utstillinga er laga i samband med utvandrarjubileet 2025, og presenterer utvandring frå Sunnfjord, Nordfjord og Sogn til USA og Canada gjennom historier om norsk-amerikanske musikarar og komikarar med bakgrunn i gamle Sogn og Fjordane fylke.
Museumsbutikk og noko å bite i
Museumsbutikken er open og her er sal av kioskvarer som is, brus, kaffi og kjeks. Nokre varer er gluten- og laktosefri. Spør i resepsjonen. På familiedagar og dagar med arrangement sel vi vaflar.
Vi har nokre sitteplassar i museumsbutikken. På dagar med arrangement kan ein også sette seg inn i Huus-stova. Når det er godt vær kan vi anbefale å nytte ein av sitteplassane ute i tunet.