Velkomen til haustferiedagar på Sunnfjord Museum!
Tradisjon tru arrangerer vi to dagar med aktivitetar på museet,
måndag 6. og tysdag 7. oktober, klokka 10.00-15.00 begge dagane.
Det blir aktivitetar i museumstunet, inne og ute.
Klokka 11 kan du bli med på ein skuledag i gamle dagar. Museumspedagog Nina tar deg med inn i skulestova frå 1891, og alle som vil får utlevert ei rolle som elev på 1800-talet. Vi skriv med blekk og penn.
Andre aktivitetar du kan prøve desse dagane:
Prøve uteleikar som ringspel og stylter
Teikne, spele brettspel og nyte medbrakt niste i Huus-stova. Vi har også sitteplassar ute.
Kikke inn i kvernhuset og stabburet
Prøve å bære vatn med ein vassele
Vi legg fleire planar og kjem med detaljert program snart!

Utstilling
I utstillingssalen kan du sjå utstillinga Spelemenn og sognekjerringar: underhaldning i det norske Amerika.
Utstillinga er laga i samband med utvandrarjubileet 2025, og presenterer utvandring frå Sunnfjord, Nordfjord og Sogn til USA og Canada gjennom historier om norsk-amerikanske musikarar og komikarar med bakgrunn i gamle Sogn og Fjordane fylke.
Siste utstillingsdag er 17. oktober.

Museumsbutikk og noko å bite i
Museumsbutikken er open og her er sal av kioskvarer som is, brus, kaffi og kjeks. Nokre varer er gluten- og laktosefri. Spør i resepsjonen. På familiedagar og dagar med arrangement sel vi vaflar.
Vi har nokre sitteplassar i museumsbutikken. På dagar med arrangement kan ein også sette seg inn i Huus-stova. Når det er godt vær kan vi anbefale å finne ein av sitteplassane ute i tunet.