Sunnfjord Museum og Sunde Krins Grendalag inviterer til den tradisjonelle jonsokfeiringa i Movika!
Jonsok er eit av dei store arrangementa våre om sommaren med jonsokbrudepar, kafé i Sersjantløa, bål, grilling og god stemning i tunet. Dette vil du ikkje gå glipp av!
Kl. 17.00: Arrangementet startar. Grillar står klare i tunet. Hugs å ta med eigen grillmat. Kafé i Sersjantløa
Kl. 18.00: Jonsokbrudepar i tunet. Brudefølgje med spelemann/kvinne.

Elles på museumsområdet kan du:
Sjå utstillinga Spelemenn og sognekjerringar: underhaldning i det norske Amerika
Utstillinga er laga i samband med utvandrarjubileet 2025, og presenterer utvandring frå Sunnfjord, Nordfjord og Sogn til USA og Canada gjennom historier om norsk-amerikanske musikarar og komikarar med bakgrunn i gamle Sogn og Fjordane fylke.
Utstillinga finn du i 2. etasje i besøksbygget.Prøve uteleikar i tunet
Fargelegge og spele brettspel i Huus-stova
Klappe og gje gras til museumsgeitene
Parkering ved museet. Det blir også høve å parkere ved Jordbruksskulen på Mo.
Born (0-17 år); Gratis
Vaksne: kr. 130 ,-
Honnør/student: kr. 100,-
Årskort gjev gratis inngang.